To nye miljøfyrtårn-sertifiserte bedrifter i Lom

Næringssjef og ordførar tok turen innom og gratulerte BrimiBue og Opplæringskontoret Brimi-kjøken med godkjent Miljøfyrtårn-status.

Kva er miljøfyrtårn?

Miljøfyrtårn er Norges mest brukte sertifikat for verksemder som ynskjer å dokumentere sin miljøinnsats og vise samfunnsansvar. 

Lom kommune gratulerer med god innsats! 

Åshild Myhre Amundsen

 

 

 

 

 

 

Andre verksemder i Lom som er sertifisert er Fossheim turisthotell, Glitterheim turisthytte, Norsk Fjellmuseum, Røisheim hotell, Sport1 Lom, Steinar Skaansar & son, Vinmonopolet Lom og Visit Jotunheimen. 

Les meir om miljøfyrtårn her: https://www.miljofyrtarn.no/

Visste du?

Det er no mogleg å få tilskot frå Lom kommune til miljøsertifiseringa! Ordninga er ope for alle godkjente sertifiseringar, som t.d. ISO eller Svanen.

Etter at regelverket vart endra kan du få inntil 50% tilskot, avgrensa til maks kr.20 000. 

Les meir om det her: Reglar for bruk av Nærings- og berekraftfondet (PDF, 20 MB).