Tverrfagleg samarbeid i Nord-Gudbrandsdal: Kamp mot utanforskap

Lom, Vågå, Sel, Dovre og Lesja jobbar saman i eit utviklingsarbeid for å styrke det tverrfaglege samarbeidet for å gje gode løysingar til innbyggjarar med komplekse utfordringar. Målet er å førebyggje utanforskap og skape meir samanhengande og treffsikre tenester – med innbyggjaren i sentrum.

Gjennom bruk av digitale verktøy som Visma Flyt Samspill og analyseverktøyet Joint Action Analytics, får kommunane betre innsikt i eigne arbeidsprosessar og samarbeid. Dette gjev eit godt grunnlag for å styrke det vi kallar relasjonell kapasitet – evna til å jobbe godt saman på tvers av fag og nivå.

Erfaringane så langt viser at aktiv leiing, felles refleksjon og tydelege strukturar er avgjerande for å lukkast. Dette blei grundig omtalt i to ferske blogginnlegg frå Flyt:

Til kamp mot utanforskap – tverrfagleg samhandling i praksis: Ei innføring i samarbeidet og dei første erfaringane frå våren 2025.

Kommunenes erfaringer – relasjoner i bevegelse: Ei oppsummering etter eitt år med satsing, basert på fagdag og analysar frå 18 enkeltsaker.