Utviding av Jotunheimen nasjonalpark?

Statsforvaltaren i Innlandet har fått i oppdrag frå Miljødirektoratet å avklare med kommunane om det det er aksept for å utgreie utviding av Jotunheimen nasjonalpark.

Utsikt mot Jotunheimen og Galdhøpiggen.

Aktuelle område for utviding av verneområdet i Lom er:

  • området nord for Store Smørstabbtind (vest for Leirdalen, omfattar m.a. Skagsnebb/Loftet)
  • området mellom Leirdalen og Visdalen
  • området Gokkerdalen, Einsteinshovde/Lauvhø mot Soleggen
  • eit mindre område i Veodalen som grensar til Hindflya i Vågå.

Kvitingskjølen har også vore spelt inn som eit område som kan vere aktuelt for utviding av Jotunheimen nasjonalpark.

Kommunestyret i Lom hadde ei fyrste behandling av spørsmålet i møtet 21. juni, og gjorde følgjande vedtak:

Lom kommune gjev tilslutning til at Statsforvaltaren i Innlandet set i gang ein ny prosess med utgreiing av mogelegheiter og utfordringar knytt til utviding av Jotunheimen nasjonalpark.

Kommunen tek med dette vedtaket ikkje stilling til spørsmålet om utvida vern kan aksepterast, eller til kva for konkrete område som eventuelt er aktuelle for utviding av nasjonalparken.

Grunneigarar i Bøverdalen, på vestsida av Meadalen  og setereigarar som kan bli omfatta av eit slikt vern var invitert på informasjons- og dialogmøte på Midtgard 22. september. Statsforvaltaren orienterte her om oppdraget frå Miljødirektoratet, og det vart lagt vekt på at kommunen vil ha særs stor påverknad på om utviding av nasjonalparken vil bli gjennomført. Eventuell igangsetting av verneprosess vil bli gjort i tett dialog med kommunen, der målet vil vere å få fornuftige grenser for å sikre verneverdiane, samstundes som konfliktane med lokale bruksinteresser blir gjort så små som mogleg.

Etterpå var det ei god meiningsutveksling omkring utfordringar og mogelegheiter knytt til utvida verneområde for Jotunheimen nasjonalpark.

Grunneiegarar og andre med bruksinteresser i området kan sende uttale til spørsmålet om utviding av Jotunheimen nasjonalpark til Statsforvalteren med kopi til kommunen innan 5. oktober 2022.