Vaffeltreff startar opp att

Vi held fram med vaffeltreff i 2024, og fyrste treff blir fredag 26.januar.

Vaffeltreff på Fossberg

I 2023 arrangerte vi jevnlege vaffeltreff på Fossberg kafé. Idéen var å etablere eit lågterskel treffpunkt for folk i Lom éin fredag i månaden. Her kunne alle som ville komme innom Fossberg i lunsjtida og treffe andre. Vi spanderte vaffel. Det var som regel mellom 10 og 17 personar med kvar gong, og attendemeldingane var at det var eit triveleg tiltak.  Spesielt fint var det kanskje for dei som var ganske nye i Lom, og ville bli kjent med andre sambygdingar. Difor ynskjer vi å halde fram med vaffeltreff også i 2024!

Årets fyrste treff blir allereie fredag 26.januar kl 11.30-12.15. Ta deg ein tur innom,  et vaffel og kjøp deg ein kaffikopp viss du vil. Vi håpar å sjå både kjente og nye ansikt i det nye året! 

Helsing arrangørane Åshild (næringssjef) og Hege (bygdeutviklar)

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269