Vaffeltreff torsdag 21.mars

Torsdag 21.mars er det klart for nytt vaffeltreff på Fossberg

Vaffeltreff på Fossberg 23.februar - Klikk for stort bildeVaffeltreff på Fossberg 23.februar Hege Olimb Myhre

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Vaffeltreff er eit lågterskel treffpunkt som er ope for alle. Treffa finn stad på Fossberg hotell omtrent ein gong i månaden, rundt lunsjtider. Det er ein triveleg samling med både nye og kjente i bygda, og vi har alltid plass til fleire! Lom kommune spanderer vaffel, og du kan kjøpe deg ein kaffi- eller tekopp i kafèen om du vil. 

Neste treff er siste torsdag før påske (21.mars) kl 11.30-12.15. Håpar vi ser deg der!

Helsing arrangørane Åshild (næringssjef) og Hege (bygdeutviklar)

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269