Vaksinering haust/vinter 2025 - Lom og Skjåk

Hausten er her, og det er tid for årets vaksinering mot influensa, korona og pneumokokksjukdom.

Influensa, korona og pneumokokksjukdom

Hausten er her, og det er tid for årets vaksinering mot influensa, korona og pneumokokksjukdom. Vaksinasjon gir god beskytting mot alvorleg sjukdom, særleg for deg som er eldre eller har underliggjande helseutfordringar. Vi oppmodar alle som er i risikogruppene – og dei som ønskjer ekstra vern – til å bestille time for vaksinering.

Vi ynskjer velkomen til drop-in-vaksinering i:

Lom helsestasjon

Tysdag 7. oktober kl. 09.00–15.00

Måndag 20. oktober kl. 09.00–15.00

Skjåk helsestasjon

NB: Skal du ta vaksine i Skjåk, ber vi deg nytte inngangen til Helsestasjonen – ikkje inngangen via legekontoret. Følg merking.

  • Måndag 6. oktober kl. 09.00–15.00
  • Fredag 24. oktober kl. 08.00–15.00

Praktisk informasjon

Betaling: kort, Vipps eller kontant

Passar ikkje desse dagane? Bestill ny time ved å ringe:

Lom: Helsesjukepleiar Liv Marie Øyjordet – tlf. 976 67 747

Skjåk: Helsesjukepleiar Aud Jotun – tlf. 908 48 548

For meir informasjon om vaksinar og kven som bør ta dei, sjå fhi.no (vaksenvaksinasjon).