Slik kan du røyste ved stortingsvalet 2025
Stortingsvalet blir halde måndag 8. september 2025. Nokre stader vil det også vere mogleg å røyste søndag 7. september.
Her finn du informasjon om dei ulike måtane du kan røyste på – anten du ønskjer å førehandsrøyste, røyste heime eller bruke tidlegrøysting.
Tidlegrøysting – for deg som vil røyste ekstra tidleg
I perioden 1. juli til 8. august kan du vende deg til kommunen og avtale tid for tidlegrøysting. Du kan røyste i kva kommune som helst i Noreg.
Hugs å ta med gyldig legitimasjon med bilete.
Førehandsrøysting – for deg som ikkje kan røyste på valdagen
Førehandsrøystinga startar måndag 11. august og varer til fredag 6. september. Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ønskjer.
Stadene for førehandsrøysting finn du på valg.no/valglokaler, der du også kan sjå om vallokala er universelt utforma.
Dersom du førehandsrøystar i ein annan kommune enn der du er oppført i manntalet, må du røyste så tidleg at stemma di kjem fram til rett kommune innan 9. september.
Hugs legitimasjon med bilete. Alle veljarar skal vise legitimasjon, med nokre få unntak.
Veljarar som bur i institusjon, kan førehandsrøyste der dersom det blir arrangert førehandsrøysting på staden.
I Lom kommune kan du førehandsrøyste alle kvardager mellom klokka 08:00 og klokka 15:30 fra 11. august til og med 5. september 2025:
Stad: Servicetorget på Midtgard
Det er óg mogleg å røyste på Lom helseheim 02.09.2025, kl 11:00 – 13:00
Røyste heime – for deg som ikkje kjem deg til vallokalet
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp i vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime – eller der du oppheld deg.
Det er ikkje nødvendig å søkje viss du bur på ein institusjon der det blir halde førehandsrøysting.
I søknaden må du opplyse:
- fullt namn
- fødselsdato og -år
- adressa du oppheld deg på den siste veka før valet
- telefonnummer vi kan nå deg på
Ta kontakt med Lom kommune dersom du har spørsmål eller ønskjer hjelp til å søkje om å røyste heime.
Frist for å søkje er 4. september klokka 12.00
Send søknaden til Valstyret i Lom kommune
Adresse: Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom eller e-post post@lom.kommune.no, eller telefon 61 21 73 00
Røyst på valdagen
Du har røysterett dersom du står i manntalet. For å stå i manntalet må du:
fylle 18 år innan utgangen av 2025
vere norsk statsborgar
vere, eller ha vore, folkeregistrert som busett i Noreg
Tid og stad for røysting i Lom kommune:
Måndag 8. september, kl. 09:00–17:00
Røystestader og valkrinsar:
Lom: Kommunestyresalen, Midtgard
Bøverdalen: Bøverdalen samfunnshus, Boomerstugu
Garmo: Garmo skule
Du finn òg oversikt over vallokale og universell utforming på valg.no/valglokaler.
Hugs å ta med legitimasjon med bilete når du møter fram for å røyste.
---------------------------------------------------------------
Informasjon om røystestyre
Det skal etter ny vallov ikkje lenger veljast røystestyre for kvart vallokale, men det skal vera ein leiar og ein nestleiar i kvart vallokale.
I Vallova § 6-2: Hvem som har ansvaret for stemmingen i et valglokale heiter det m.a.
I hvert valglokale skal det være en leder og en nestleder med ansvar for stemmingen.
01 Lom – Kommunestyresalen, Midtgard:
Leiar: Kristin Volden Mundhjeld
Nestleiar: Steinar Garmo
Valverter: Ellen Sanden, Johanne Hellebergshaugen, Lucie Kucharova, Nils Teigen
02 Bøverdalen – Bøverdalen samfunnshus, Boomerstugu:
Leiar: Bjørnar Brustuen
Nestleiar: Arnstein Rusten
Valverter: Eva Birgitta Stee, Oluf Kvålshagen
03 Garmo – Garmo skule:
Leiar: Erik Frisvold
Nestleiar: Oddrun Pauline Løkken Mo
Valverter: Terje Odde, Ingebjørg Runningen Brenden
----------------------------------------------------------------------------