Varsel om oppstart av planarbeid, områderegulering Lågkollen nærings- og industriområde

Formannskapet i Lom gjorde 10.06.2025 i sak PS 2025/ 38 vedtak om å starte opp arbeidet med områderegulering for Lågkollen nærings- og industriområde (planid. 34340014).

Planområdet ligg øvst i Vårdalen i Garmo. Føremålet med reguleringsplanen er å etablere nytt nærings- og industriområde med tilhøyrande infrastruktur. Dette då det per i dag ikkje er att ledige næringstomter i eksisterande industrifelt i Prestøya/Gjeisarøya/Skjæsarøya. Planen skal utarbeidast av Felles plankontor for
Lom og Skjåk kommunar, og er tenkt endeleg handsama til sommaren 2026.

Varsel om planoppstart omfattar følgjande dokument:

  • Varselbrev
  • Saksprotokoll
  • Planprogram
  • Adresseliste

Desse dokumenta finn du nedst denne artikkelen.

Planområdet er på om lag 253 daa, og området si avgrensing går fram av kartet under. Fleire kart, utfyllande informasjon og ei liste over kva
eigedomar som er omfatta av planarbeidet finn ein i vedlagde kopi av utsendt oppstartvarsel med tilhøyrande vedlegg.

 

Lågkollen nærings- og industriområde. Planområdet er på omlag 253 daa. - Klikk for stort bildeLågkollen nærings- og industriområde. Planområdet er på omlag 253 daa.

Ein kan komme med innspel til planarbeidet. Innspel kan sendast som brev til Lom kommune, Sognefjellsvegen 6, 2686 Lom - eller på e-post til post@lom.kommune.no.  Frist for innspel er sett til 28.09.2025.

Spørsmål om reguleringsplanen kan rettast til Felles plankontor for Lom og Skjåk kommunar ved:

Øyvind Pedersen, tlf. 47 33 36 78, e-post:  oyvind.pedersen@lom.kommune.no eller

Therese Moe Øye, tlf. 94 49 87 88, e-post: therese.moe.oye@lom.kommune.no

 

Varsel om oppstart av planarbeid
Tittel Publisert Type
Adresseliste.pdf

Adresseliste

11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Adresseliste.pdf
Saksprotokoll oppstart La°gkollen.pdf

Saksprotokoll oppstart Lågkollen

11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Saksprotokoll oppstart Lågkollen.pdf
Melding om oppstart av planarbeid for La°gkollen nærings- og industriomra°de - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf

Varselbrev

11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned Melding om oppstart av planarbeid for Lågkollen nærings- og industriområde - med planprogram for konsekvensutgreiing.pdf
RP La°gkollen Planprogram 20250807.pdf

Planprogram

11.08.2025 Filtype: pdf. Klikk for å laste ned RP Lågkollen Planprogram 20250807.pdf