I samband med Friluftslivets år inviterer vi til ein open og inkluderande dag ute i det fri – der både små og store kan lære, leike og nyte naturen saman.
Her blir det moglegheit for å delta på garnfiske, stongfiske og opplæring i å lage ulike typar bål. Ein kan rullere på kva ein ønskjer å vera med på og blir dermed ikkje bunden av ein tidsplan.
Ove Lilleengen held grillane varme heile dagen. Han vil også by på ein smak av 3-retters på bål. Her kan du la deg inspirere!
- Det blir utlån av fiskestenger.
- Fiskekonkurranse med fine premiar.
- Alt er gratis.
- Moglegheit for å ta med eigen grillmat i tillegg til smakene
som blir servert.
Alle som ynskjer å delta er velkomne! Laurdag 5. juli, 11:00-14:00 på Heimdalsvatnet.
Skjåk Jeger og Fiskarlag, DNT Gudbrandsdalen og Skjåk kommune er medarrangørar. Dette er eit fellesprosjekt for kommunane Skjåk, Lom og Vågå. Målet er å skape gode møteplassar på tvers av kommunane, som skal bidra til å bygge gode nettverk for nye innbyggarar".
