Vellukka open dag på ungdomsskulen
Den 5. november arrangerte Lom ungdomsskule open dag. Kring 150 besøkte skulen denne dagen.
Rektor Lisa Kronhaug er sær nøgd med dagen og kan meddele at det var kring 150 besøkande i dei par timane arrangementet vara.
Foreldre, besteforeldre, politikarar og kommuneadministrasjonen var invitert, og kunne oppleva det store spennet og variasjonen i kva som er skulekvardagen til elevar og lærarar på Lom ungdomsskule. Eit flott og viktig arrangement!
Sjå bilete her:
Publisert 08.11.2024 09.44
Sist endret 08.11.2024 09.44