Dette viser mangfoldet og moglegheitene som vi har når det kjem til jobbsøkarar og lærlingar.
Desse er fordelt på faste- og sesongstillingar samt lærlingplassar. Det er viktig at det lokale næringslivet legg til rette for lærebedrifter. At ungdommen kan ta si læretid i regionen, kan leggje eit grunnlag for å få fleire til å flytte til Nord- Gudbrandsdalen, og bidra med utvikling og tilvekst som er naudsynt for distrikta.
Det er Interkommunalt politisk råd Nord Gudbrandsdalen som er ansvarleg for arrangementet, i eit godt samarbeid med dei seks kommunane Lesja, Skjåk, Dovre, Vågå, Sel og Lom, den videregående skulen, opplæringskontora i Gudbrandsdalen, karriere Innlandet Gudbrandsdal og NAV. I tillegg til stillings- og lærlingesleppet var det og jobbmesse med 32 lokale bedrifter som hadde stand.
Nytt av året var at vi fekk kopla på universitetsturneen, som kom med 9 universitet og folkehøgskular.
«E har true e nå. Vakje klar over alle mogleheitan som oss har her heime»,
- var det ein VG3 elev som sa da han gjekk ut etter forelesninga med næringssjef Live Brimi fra Vågå. Distriktet vårt har store valmogleghiter og ikkje berre det tradisjonelle arbeidslivet.
Ledige stillingar og lærlingplassar finn du på www.komtiloss.no
Smelt media
(Tekst er henta frå pressemeldinga frå Interkommunalt politisk råd)