Friskus er ein digital plattform der innbyggjarar i alle aldrar kan finne informasjon om aktivitetar og tilbod i nærmiljøet. Det er gratis for alle lag og foreiningar å vere med, og plattforma gir dei ei unik moglegheit til å synleggjere det gode arbeidet dei allereie gjer. Vi ynskjer og at næringslivet innan mellom anna reiseliv lagar seg arrangørside og legg ut aktivitetar.
På dagen var det kommunalt tilsette som blei kursa i bruk av Friskus-kalenderen. Her var det stor interesse og mange gode spørsmål blei stilt.
På kveldstid hadde Lom kommune invitert lag og organisasjonar til ei økt saman med Friskus. Målet med workshopen var at alle skulle få oppretta si eiga arrangørside på lom.friskus.com, og starte med å leggje ut aktivitetar. Gjennom denne sida kan dei presentere aktivitetane dei har, rekruttere frivillige og styrke tilknytinga til lokalsamfunnet.
Vi var utruleg fornøgde med opplegget Friskus køyrte for oss, og vi har stor tru på aktivitetskalender.
Takk til alle som kom på workshop! Det kom ikkje så mange som vi hadde håpa på, men tilbakemeldingane vi fekk var at dette var bra!
Vi håpar at alle lag og organisasjonar i Lom kastar seg på! Ta gjerne kontakt med Lom kommune på redaktor@lom.kommune.no
PS: I morgon (torsdag) blir same opplegg gjennomført i Vågå. Lag og organisasjonar i Lom kan også reise dit om dei ikkje hadde moglegheit i dag.