Velværerom på Lom helseheim er opna!

I 2020 søkte Lom Kommune på midlar til frikjøp av aktivitetsansvarleg på Lom Helseheim.

Aktivitetsansvarleg skal stimulere til innovative tiltak for å oppretthalde aktivitet, slik at pasienten får aktive og meiningsfylte dagar. Lom helseheim fekk midlar, og har nå kome i gang. 

Måndag 15. februar starta Åse Marie Borgen og Frøydis Öfeldt Marstein opp som aktivitetsansvarlege på Lom helseheim. Få dagar etterpå har dei pussa opp eit rom og opna velværeavdeling!

Torsdag 18. februar vart rommet opna på høgtidleg vis. Kjøkenpersonalet hadde ordna med forfriskingar og tenesteleiar Elin Jeanette Ulen fekk æra av å klyppe snora.

Målet med arbeidet er å sjå kvar enkelt pasient og bidra til ein meir meiningsfylt kvardag.  Anten om det er på velværerommet eller på deira eige rom.

På velværerommet er det lagt til rette for at dei kan invitere pasientar til mellom anna gode samtalar over ein kaffi, lesestunder og velvære med frisering og fotpleie.

Det er ingen tvil om at dei tilsette på Lom helseheim har eit stort engasjement for å gjere kvardagen god for pasientane. Takk for den gode innsatsen de gjer!