Evakueringen i Øvregrend er oppheva, men både Øvre og Nedre Ulstadveg er framleis evakuert.
Det er bestilt overnatting i sentrum til evakuerte innbyggjarar som har gitt beskjed om at det er behov for overnatting (i etterkant av infomøte i Utgard).
Men: Dersom det er fleire evakuerte innbyggjarar som har behov for overnatting så er det ynskjeleg at dette blir varsla til servicetorget på tlf. 612 17 300 eller på e-post til ashild.amundsen@lom.kommune.no
Det vi ynskjer informasjon om er følgjande:
- namn, antall (vaksne / unger), OG om dei kan bu på dobbeltrom, enkeltrom eller eventuelt leiligheit / hytte og om det er spesielle mathensyn som må takast.
Så lenge politiet ikkje opphever evakueringa så er det kommunen som sørger for gratis kost og losji i denne perioden.
Det blir lagt opp til faste måltid kvar dag, på følgjande tidspunkt:
- Frukost: kl. 7 – 10
- Lunsj: kl. 12 – 13
- Middag: kl. 16 – 17
- Kveldsmat: kl. 18.30 – 19.30
Fyrste måltid på Fossberg i dag torsdag 10. august blir middag kl. 16.
Ved justering av tidspunkt så vil dette bli formidla på Fossberg.
Viktig info til dei som ynskjer mat, men ikkje overnatting:
Evakuerte som har funne seg privat overnatting er velkomne til å delta på desse måltida.
Det er fint om desse seier frå til servicetorget om at det er ynskjeleg med matservering.
Dei som allereie har varsla i Utgard kan sjå vekk i frå dette.
Representant frå kommunen på Fossberg:
Kommunen vil vere til stades kvar dag mellom kl. 15 - 16 for å svare på spørsmål folk måtte ha, inntil anna beskjed er gitt.
Dersom det er viktig informasjon som må gjevast til alle vil dette bli sendt ut på SMS og/eller invitert til eit felles informasjonsmøte. Kommunen vil elles oppmode folk om å følgje med på heimeside for oppdateringar.
Informasjon til dei som bur på helseheimen:
Desse kan bu på helseheimen inntil anna beskjed er gitt.
Informasjon til tilreisande:
Evakuerte turistar på gjennomreise må sjølv finne og betale overnatting på eige hand, det blir anbefalt å ta kontakt med forsikringselskapet for bistand. Det går også an å kontakte turistinformasjon for bistand knytt til å finne overnatting og transport for vegen vidare.
Dei har ope frå kl. 9 - 21 kvar dag fram til laurdag, sjå meir informasjon her:
Oppdatering kl. 14.30: Det er no fullt på Fossberg, og alle som melder om behov frå nå vil bli innlosjert på Nordal, anten i hytte eller på hotellrom.
Felles måltida blir på Fossberg for alle, men dei som bur på hotellrom på Nordal kan eta frukosten sin der. Spør i resepsjonen dersom du lurar på noko.