Viktig melding frå Lom og Skjåk kommunar:

Telenor sitt mobilnett er nede i Lom og Skjåk, det same gjeld og fleire stader for Telia sitt mobilnett.

Førebels analyse tyder på fiberbrot. Dei som har Telenor og Telia sitt mobilabonnement i Lom og Skjåk er utan mobildekning.

Dei som har internettilgang med fiber kan bruke internett og ringe gjennom WIFI Tale. Du kan og ringe frå messenger, snap, facetime og skype.

Helsetenestene er i beredskap, og dei med tryggleiksalarm blir fulgt spesielt.

Dei som har behov for helsehjelp og ikkje får ringt ut kan få hjelp til å ringe ved og møte opp på Skjåkheimen eller Lom helseheim.