
Lom kommune inviterer, i samarbeid med Friskus, til ein felles workshop der målet er å styrke det lokale frivillige arbeidet gjennom betre synlegheit og digital organisering.
Lom kommune har gått til innkjøp av lisens hjå Friskus – nokon av dykk har kanskje høyrt om det frå før, medan det er nytt for andre. Friskus er ein digital plattform der innbyggjarar i alle aldrar kan finne informasjon om aktivitetar og tilbod i nærmiljøet. Det er gratis for alle lag og foreiningar å vere med, og plattforma gir dykk ei unik moglegheit til å synleggjere det gode arbeidet de allereie gjer.
👉 Les meir om Friskus her: https://friskusas.no/
Målet med workshopen er at alle lag og organisasjonar i Lom skal få oppretta si eiga arrangørside på lom.friskus.com. Gjennom denne sida kan de presentere aktivitetane dykkar, rekruttere frivillige og styrke tilknytinga til lokalsamfunnet. Næringslivet i Lom er også hjarteleg velkomne til å dele sine aktivitetar/arrangement!
📅 Tid: Onsdag 21. mai kl. 18.00
📍 Stad: Kommunestyresalen, Kommunehuset
☕ Kaffe og biteti
Vi ber om at alle stiller med minst éin representant frå sitt lag eller organisasjon, og vi ber om at de tek med:
- PC og lader
- Organisasjonsnummer
- Bilete til arrangørsida
- Logo (dersom de har)
Vi gler oss til ei lærerik og triveleg samling – og til å utvikle frivilligheita i Lom saman med dykk!
- Om du ikkje kan stille i Lom så køyrer Vågå kommune same workshop torsdag 22. mai kl. 19.
- Om du mistenkjer at det er nokon som ikkje har fått denne e-posten, så sett vi pris på at du vidareformidlar til rette personar
Har du spørsmål, eller ingen frå din organisasjon kan stille? Svar Marit på e-post, eller ring 90288549, så finn vi ei løysing.
