Controller og Økonomimedarbeider

Lom Kommune ser etter deg som vil vere med å forme ein moderne, framtidsretta kommuneøkonomi

Lom Kommune står midt i ei spanande tid med omstilling og digital transformasjon, og vi ser etter deg som vil vere med å forme ein moderne, framtidsretta kommuneøkonomi – med både strategisk oversyn og detaljfokus.

Dette er meir enn tal og tabellar. Dette handlar om retning. Om å finne innsikta som gjer tenestene betre for folk – og prosessane smartere for organisasjonen.

Kvifor jobbe i økonomiavdelinga i Lom kommune?

Hos oss får du:

  • Strategisk viktige og varierte arbeidsoppgåver
  • Ein sentral plass i eit av dei viktigaste utviklingsløpa i kommunen
  • Moglegheit til å påverke og utvikle digitale løysingar og prosessar
  • Eit team som kombinerer høg faglegheit med eit uformelt og godt arbeidsmiljø
  • Konkurransedyktig løn og svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Tilrettelegging for heimekontor og fleksibel kvardag

Kven ser vi etter?

Du har solid økonomifagleg bakgrunn – frå utdanning og/eller relevant erfaring – og brenn for forbetring og utvikling. Du er strukturert, analytisk og evner å sjå både det store biletet og dei små detaljane som gjer forskjellen. Du trivst i samarbeid, men tek også ansvar og eigne initiativ.

To ulike stillingar:

Controller

  • Analyse og strategisk rådgjeving
  • Økonomiplan, budsjett, prognose og rapportering
  • Tverrfagleg forbetringsarbeid og nøkkeltalsanalyse
  • Samarbeid tett med økonomisjef og leiarar
  • Vikariere for økonomisjef ved behov

Økonomimedarbeidar

  • Relevant utdanning innan økonomi, rekneskap eller revisjon (relevant erfaring kan kompensere).
  • Erfaring med rekneskapsarbeid, gjerne frå offentleg sektor.
  • Gode IT-kunnskapar og erfaring med økonomisystem; gjerne Visma Enterprise.
  • Kjennskap til kommunelova og rekneskapslova, er ein fordel
  • God formidlingsevne, både munnleg og skriftleg.

 

Lom tilbyr en sjelden kombinasjon av spektakulær natur, kulturell rikdom, meningsfylte arbeidsoppgaver og et inkluderende, framtidsrettet lokalsamfunn – perfekt for deg som vil gi noe tilbake og samtidig leve godt.

Du kan og sjå stillingsutlysinga på finn.no

NB: Denne stillinga søkjer du på via Veksthuset

Søknadsfrist: 15.08.2025

Trykk her for å søkje på stillinga