Er du sjukepleiar- eller vernepleiarstudent? Vi har stipendstillingar og ynskjer deg på laget!

Er du helsefagstudent og på leiting etter arbeid som kan kombinerast med studiane? Sjå her!

Lom kommune har ledige stillingar i pleie og omsorg for studentar, og kommunen bidreg med stipend.

Stillingsstorleik: omlag 15%  der;

  • Du arbeider kvar 3. helg (evt. minst 15 helger pr år).
  • Du arbeider minst 6 veker i hovudferieperioden (ca. 20.juni --14.august)
  • Bindingstid for avtala: 12 månader

Arbeidstad:

Heimebasert omsorg:

Heimebasert omsorg består av avdelingane heimesjukepleie, dagsenter for heimebuande demente og praktiks bistand (heimehjelp). Studentstillinga er knytta til heimesjukepleie som er ei heildøgnsteneste. Tenesta gjev bistand til personar som ikkje greier seg sjølve i det daglege, og som har eit reelt behov for naudsynt helsehjelp. Målet er å gje individuelt tilpassa tenester etter behov, utan omsyn til alder, diagnose eller bustad i Lom.

Institusjon:

Lom helseheim består av 4 avdelingar: 1 korttids/rehabilitering(1 akuttrom)- 2 langtid- og 1 skjerma-avdeling, fordelt på totalt 32 plasser.

Det er omlag 60 tilsette fordelt på pleieassistentar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar med høg kompetanse innan sitt felt.

Miljøarbeidertenesta:

Miljøarbeidartenesta yter teneste til brukarar med ulike bistandsbehov, og vektlegg individuell tilpassing og fokus på fag. Miljøarbeidartenesta sitt fokus er å legge til rette for meistring og god livskvalitet for brukarane. Tenesta yter bistand til å meistre kvardagen på individnivå. Gode tenester handlar blant annet om å gje personar med ulik grad av utviklingshemming økt kontroll over faktorar som påverkar eige liv og helse, gjennom beslutningsstøtte og myndiggjering.

 

Skriv i søknaden kva teneste du ynskjer å arbeide i.

Stipend :

kr 20.000 pr studieår; kr 10.000 blir utbetalt ved første fullførte halvår og kr 10.000 ved fullført avtale.

Løn:

1.       Avlagt og bestått eksamen første studieår (60stp) gjev 80% av startløn sjukepleiar/vernepleiar

2.       Avlagt og bestått eksamen andre studieår (120stp) gjev 90% av startløn sjukepleiar/vernepleiar

Vi tilbyr:

Utover stipend, konkurransedyktig løn og moglegheita for relevant arbeidserfaring før fullførte studiar tilbyr vi også:

  • Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling.
  • Arbeid i tverrfagleg team.
  • Eit godt fagmiljø og gode kollegaer
  • Kommunen bistår dne tilsette med søknad om kompetansemidlar for å vere med å finansiere deler av utdanninga mot ein avtale om at den tilsette arbeider i misnst to år ved tildeling av midar

Kven er du:

  • Du kan vise til at du har studieplass på sjukepleiar- eller vernepleiarstudiet.
  • Du er positiv, fleksibel og løysningsorientert og ynskjer å bidrege til det beste for pasientane/brukarane
  • Du kan arbeide som beskrevet over
  • Du beherskar norsk skriftleg og munnleg
  • Personleg eigna for stillinga

Anna:

For arbeidshelg som kolliderer med studiesamling/praksisperiode vil det bli gjeve permisjon utan løn dersom ikkje byte til anna helg let seg gjere.

Den som blir tilsett må leggje fram politiattest av ny dato.

Høyrest dette spennande ut for deg?

Da vil vi gjerne høyre frå deg! Send inn ein elektronisk søknad

 

Nærare opplysningar om stillinga kan du få ved å ta kontakt med;

Tenesteleiar pleie og omsorg Tonje Barkenæs Eggen, tlf: 916 86 342