Lom kommune søkjer privat avlastarOppdraget gjeld som privat avlastar for ein gut i tenårene med behov for ekstra støtte og tilrettelegging i kvardagen. Søknadsfrist: 01.12.2025 Du vil bidra til å gi guten gode opplevingar og trygge rammer i avlastningsperiodar, og støtte opp om meistring og trivsel. Vedtaket er på inntil 20 timar per månad, og utførast etter avtale med foreldra. Aktuell arbeidstid er etter skuletid, kveld og helg . Overnatting kan vera aktuelt. Oppdraget skjer i samarbeid med tilrettelagte tenester i Lom kommune, og den som får oppdraget vil få rettleiing frå tenesta. Krav til oppdragstakar: Må kunne legge fram gyldig politiattest før oppstart. Må ha førarkort klasse B. Like å vere i fysisk aktivitet. Like å vere saman med ungdom. Personleg eignaheit vil bli vektlagt. Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til samtale. Namnet på søkjarane vil bli gjort offentleg. Er dette noko for deg? Da vil vi gjerne høyre frå deg! Søknadsfrist: 01.12.2025 Gå til søknadsskjema Nærare opplysningar om oppdraget kan du få ved å ta kontakt med: Tonje Barkenæs Eggen, avdelingsleiar tilrettelagte tenester Telefon: 916 86 342 Publisert 18.11.2025 08.45