Barnehagane i Lom Begge barnehagane i Lom, Garmo barnehage og Loar barnehage, er kommunale. Barnehagen gjev eit pedagogisk tilbod for barn under opplæringspliktig alder. "Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barnas behov for omsorg og leik, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling." (Lov om barnehager § 1Formål) Barnehagen er styrt av "Lov om barnehage" og "Rammeplan for barnehagen" Høgdepunkt frå 2020 Barnehagen vart stengt ned 12. mars – 20. april. Under nedstenginga tok vi imot barn til foreldre med samfunnskritiske funksjonar og særlege sårbare barn. Smitteverntiltaka gjorde at vi måtte organisere barna i små grupper med faste tilsette. For å få til dette måtte vi mellom anna bruke lokale i Utgard og redusere opningstida. Ved oppstart av nytt barnehageår hadde vi ein liten nedgang i talet på barn og alle fekk plass ved den barnehagen dei ynskte. Fokusområde for barnehageåret 20/21: "Kropp og rørsle" Dette var ei vidareføring av overordna satsning på psykisk helse og inkluderande barnehage- og skulemiljø. Deltakinga i kompetanseutviklinga "Inkluderande barnehage- og skulemiljø" i regi av Udir vart avslutta hausten 2020. Publisert 04.06.2021 08.42