Loar skule

 Loar skule husar barnesteget i grunnskulen i Lom, det vil seie 1.-7. klasse, vi har også SFO-avdeling. Vi skal drifte skulen etter Opplæringslova og skal fylgje den nye læreplanen, Kunnskapsløftet 2020.

Høgdepunkt 2020

For Loar skule vart 2020 eit år der mykje vart annleis. Smittevern og nye rutinar knytt til det, har påverka skulekvardagen på mange måtar. Mykje av dette har gjeve oss nye og gode erfaringar, mellom anna har det gjeve meir tryggleik og samhald innanfor klassene. Elevundersøkinga syner også at elevane melder om høg trivsel ved skulen. Smitteverntiltak har gjort at vi ikkje kan samarbeide på tvers av klasser, og dette er eit sakn. Vi ser diverre at fleire elevar strevar med å meistre eigen kvardag, og vi har stor nytte av tverrfagleg samarbeid for å arbeide til det beste for desse elevane.

Det vart innført ny læreplan i skulen frå hausten 2020, noko som sjølvsagt påverkar oss på fleire måtar. Frå skulestart 2020 var det i tillegg ny rektor ved skulen. Også i 2020 hadde skulen gode resultat på nasjonale prøver i 5. klasse.

Uteområdet til skulen har vorte oppgradert i 2020. FAU ved skulen har gjort ein solid innsats som har resultert i mellom anna eit flott klatrepyramide, zipline og nytt huskeanlegg. Føresette i 1. klasse har på eige initiativ bygd ein gapahuk som skulen kan nytte som vi vil. Båe desse tiltaka set skulen umåteleg stor pris på, og dei syner eit stort foreldreengasjement.

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Rektor Loar skule
Telefon 976 18 847
Kristbjørn Rossehaug
Lærar Loar skule
Mobil 404 48 548
Loar skule
Telefon 908 92 149

Besøksadresse: Solsidevegen 18.