Ergo- og fysioterapitenesta

 Fysioterapeutane har kunnskap om kropp, bevegelse og funksjon, og førebyggjer og behandlar sjukdom og plåger i muskel- og skjelettsystemet. Ein ergoterapeut hjelp menneske til å fungere optimalt i kvardagen når dei har problem med sine daglege gjeremål på grunn av sjukdom, skade eller anna funksjonsnedsetting.

Høgdepunkt frå 2020

For ergo- og fysiotearpitenesta i Lom har 2020 vore eit år prega av korona og stadige tilpassingar til kommunale behov og nasjonale føringar. Det har vore mange forskjellige arbeidsoppgåver i løpet av året ut over dei vanlege, og avdelinga har bidrege der det har vore behov for ekstra støtte med handtering av korona i Lom kommune. Personalet har i periodar vore omplassert til testing, smittesporing og koronatelefon.

I periodar med nedsteging har vi tatt i bruk digitale løysingar for å følgje opp pasientane, deltaking på kurs og  møteverksemd har for det meste gått føre seg digitalt.

Det har vore jobba mykje med smittevern for å kunne halde avdelinga ope i tråd med nasjonale og kommunale føringar.

I løpet av året vart tenesta styrka med tilsetting av ein ergoterapeut i fast stilling.

Kontakt

Sivert Jonassen
Avdelingsleiar Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk
Mobil 481 65 520
Anne Marstein
Fysioterapeut
Mobil 913 52 504