Legetenesta

 Lom legekontor har tre fastlegar, ein turnuslege og helsepersonell. Under Covid-19 pandemien utførar legekontoret testing og besvarar koronatelefonen i kommunen.

Kva gjer legetenesta?

Lom kommune skal ha ei fagleg god og lett tilgjengelig primærlegeteneste som sikrar innbyggjarane god førebygging, utredning, diagnostikk og behandling. Tenesta ivaretek tverrfagleg samarbeid innad i kommunen og med spesialisthelsetenesta. Dette til det beste for pasienten. 

Høgdepunkt 2020

Arbeidet med Covid-19 pandemien har stått sentralt i store delar av 2020 for legetenesta. Frå pandemiens utbrudd har legekontoret bemanna koronatelefon, og tilbode testing i henhald til nasjonale retningslinjer. Gjennom heile året har det vore behov for å dreie tenesta opp mot TISK-strategien, og i periodar med utbrot i større grad. Dei tilsette i tenesta har lagt ned eit imponerande arbeid med å halde eit tilbod i tråd med nasjonale retningslinjer gjennom heile året. Fellesinnsatsen i tenesta har vore imponerande.