Psykisk helseteneste

 Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er ei lågterskelteneste. Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. Tenesta har tre tilsette i fulle stillingar.

Kva gjer psykisk helseteneste?

Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helsevanskar som gjer at brukaren har vanskar med å fungere godt i det daglege, både på arbeid og heime.

Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at ein treng nokon å snakke med angåande din situasjon, hjelp til å sortere og nyorientering. 

Vi kan også yte teneste til  ungdom,  frå ungdomsskulealder og oppover som  kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konfliktar  eller anna som grip om seg i kvardagen.

Høgdepunkt 2020

Då Noreg stengde i 12.03.2020 gav tenesta alle aktive pasientar tilbod om oppfølging via tlf. og Norsk Helsenett. Tenesta tok også kontakt med tidlegare pasientar som var sårbare i ein slik situasjon og gav tilbod om oppfølging. Etter at samfunnet opna delvis opp att har tenesta vore opptekne av å ha så ordinær drift som råd, men då med høgt fokus på smittevern. Tenesta har vore aktive med å informere om tilbodet vårt via heimesider og Facebook. Etter kvart som tida går opplever tenesta at fleire og fleire kjenner på belastningar i samband med dei restriksjonane som følgje av pandemien. Dette gjer seg utslag i auka grad av opplevd einsemd samt forsterking av symptomar på liding brukarane allereie har. Psykisk helseteneste ynskjer å gje alle som tek kontakt med eit snarleg tilbod, og greidde å unngå venteliste i 2020.

Frå 1. oktober 2020 har psykisk helseteneste i Lom og Skjåk bidrege med ein 20% ressurs inn i nyetablert FACT-team (fleksibel, aktiv, oppsøkande behandling) i Nord-dalen.

Tenesta si Facebook side har 2 års jubileum i desse dagar. Der er tenesta aktiv med nye innlegg 1-2 gonger pr. veke, og har over 530 følgjarar.

Den årlege markeringa av "Verdsdagen for psykisk helse" den 10. oktober vart i år markert digitalt ved at tenesta produserte ein informasjonssnutt som blei distribuert på Facebook.

Kontakt

Håvard Åmot Svestad
Leiar Psykisk helseteneste Lom og skjåk
Mobil 481 49 062
Aud Kroken
Psykisk helsearbeidar
Mobil 480 27 261
Toril Renate Aabakken Jotun
Psykisk helsearbeidar
Mobil 959 82 596