TekniskTeknisk avdeling yter tenester til brukarane av bygga i Lom kommune. Her finn ein mellom anna reinhalds- og vaktmeistertenesta i kommunen. I tillegg til dette, er det teknisk avdeling som forvaltar, driftar og vedlikeheld kommunen sine eigedomar og grøntanlegg. Investeringsprosjekt, brannvern og alarmar på kommunale bygg ligg og under denne tenesta. Høgdepunkt 2020 Det har vore mykje fokus på koronasituasjonen i året som har gått, og reinhaldstenesta i kommunen har gjort ein kjempeinnsats! Teknisk avdeling har og fått gjort ein del vedlikehaldsarbeid dette året og renovert fleire kommunale utleigebustadar. Vi har og har montert adgangskontroll på Loar skule og Lom ungdomsskule. Vi har og arbeidd med ENØK prosjekt på ulike bygg og køyrt ut og montert hjelpemidlar til heimebasert omsorg. Publisert 26.05.2021 12.17