Heimesjukepleia

 Heimebasert omsorg består av dei tre avdelingane heimesjukepleie, praktisk bistand (heimehjelp) og dagsenter for heimebuande demente. Alle tre avdelingane er vedtakstenester, og blir gjeven i tråd med helse- og omsorgstenestelova, og gjeldande kvalitetsstandarar for Lom kommune. Tenestane skal sikre at brukarane skal ha høve til å bli buande heime så lengje det er fagleg forsvarleg.

Kva gjer vi? 

  • Heimesjukepleie er eit helsetilbod som kan tildelast til personar, i alle aldersgrupper, som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen, dersom dei fyller vilkåra for å motta helsehjelp. Brukarane av heimesjukepleie skal få dekt sine grunnleggenade behov ved å få tilpassa hjelp etter faglege vurderingar, og tenesta har som mål å førebygge, behandle og tilrettelegge for meistring av sjukdom, skade, liding og nedsatt funksjonsevne. Samt legge til rette for omsorg ved livets slutt i heimen. Kontinuerleg tilstreber oss  at tenestene skal vera fleksible, kvalitativt gode, tilstrekkelege og forutsigbare, med stor grad av brukarmedverkand.
     
  • Dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom har til formål å medverke til oppleving av ein meiningsfull kvardag med sosialt samvær, trivsel og tryggleik. Det skal medverke til at brukarar held ved like sine funksjonsnivå så lengje som mogleg. Samt avlaste pårørande. Tilbodet er inntil x 3 per veke.
     
  • Praktisk bistand skal bistå brukarar som har eit særs hjelpebehov på grunn av sjukdom eller funksjonshemming, og som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller er heilt avhengig av praktisk assistanse for å greie daglege gjeremål.

Kvar finn du oss?

Heimesjukepleia og praktisk bistand finn du i 1. etasje på Lom helseheim.

Dagsenter for heimebuande personar med demenssjukdom finn du i pensjonatet, rett ved sidan av Lom helseheim.

Høgdepunkt 2020

Vi har hatt høgt fokus på informasjon, smittervernsrutinar og koronateam. Avdelinga har hatt oppfølging av heimebuande Covid-19-positive, noko som har vore utført etter prosedyre som telefonkontakt og eventuelt heimebesøk.

Møteaktiviteten har som følgje av smittevern stort sett gått føre seg digitalt. Dette har stort sett fungert godt, med innsparing på tidsbruk og kurs/overnatting.

Implementering av risikotavle var innført som eit ledd for å sikre kontinuerleg kvalitetsforbetring og brukartryggleik.

I oktober 2020 starta vi opp med langvakter på helg (1 vakt = 14 timar).

I tillegg kan vi og nemne velferdsteknologi og kvardagsrehabilitering, dette er og har vore viktige satsingsområder.

 

Kontakt

Julianne Ramstad Plassen
Avdelingsleiar heimebasert omsorg
Mobil 474 60 296
Vakttelefon Heimesjukepleia
Mobil 975 06 860
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724
Kathrine Brandsar
Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724