Institusjon

 Lom Helseheim har 33 heildøgnsplassar som er fordelt på 4 avdelingar.

Dei fire avdelingane er delt inn med 9 plassar på Fredly for demente, 7 rehabilitering/korttidsplassar og 17 langtidsplassar på sjukeavdeling. Lom Helseheim tilbyr høg fagleg kompetanse, aktivitet – og helsetilbod tilpassa den einskildes behov.

Høgdepunkt 2020

  • Høgt fokus på informasjon, smittevernrutinar, opplæring, følgje opp nye smittevernrestriksjonar, anskaffing av naudsynt smittevernutstyr, samarbeid med legekontor, forberede smitteavdeling, utføre nye måtar å aktivisere pasientar på (besøk av sau, hund, hane for eksempel.) når det ikkje var ope for besøk, og kontinuerleg oppfylging av  pårørande med nye retningslinjer m.m.
     
  • Stort fokus på velferdsteknologi i pleie og omsorg i 2020, der eit tiltak under pandemien var Komp pro skjermar på institusjon og heimesjukepleia. Arbeidet med velferdsteknologi har ført til at regionen har ny velferdsteknologisk plattform, og pleie og omsorg har starta arbeidet med nytt pasientsignalanlegg på institusjon som kjem i løpet av sommaren i 2021.
     
  • Julelunsj frå institusjonskjøkkenet til pasientar med matvarer og drikke frå lokale leverandørar.
  • Song av friviljuge i uteområdet fleire veker på rad, samt ein julekonsert av friviljuge ute ved hovudinngangen til Lom Helseheim.
     
  • "17.mai-tog" med barnehagen i uteområdet til Lom Helseheim.
     
  • Hausten 2020 var avdelingsleiar Hanne Elisabeth Bakken med i ein artikkel i VG. Denne kan du lese her.

Kontakt

Lom Helseheim
Telefon 61 21 72 25
Lom helsesenter og helseheim

 

Tildelingskontoret Lom og Skjåk
Mobil 948 48 724
Guro Einbu
Avdelingsleiar institusjon
Mobil 404 37 941