Loar skule

Uteskule på Skim. Tema / læringsmål frå mat & helse: Mat på bål. Loar skule husar barnesteget i grunnskulen i Lom, det vil seie 1.-7. klasse, vi har også SFO-avdeling. Vi skal drifte skulen etter Opplæringslova og skal fylgje den nye læreplanen, Kunnskapsløftet 2020.

Året 2021

2021 vart eit nytt "annleisår" for Loar skule, i likheit med alle andre skular. Smittevern har prega skulekvardagen i stor grad, sjølv om vi ikkje har vore råka av store smitteutbrot eller stenging av skulen. Da vi omsider kunne lette opp på hausten, og klassene mellom anna kunne byrje å samarbeide meir, så var dette til stor glede for elevane.

Elevundersøkinga syner at elevane melder om høg trivsel ved skulen, og at dei er tilfredse med skulekvardagen sin. Likevel ser vi at det er elevar som strevar i kvardagen, og vi er glade for at vi har god kompetanse både på skulen, og gjennom tverrfagleg samarbeid, som kan hjelpe elevane i slike situasjonar.

FAU ved Loar skule gjer ein formidabel jobb. Over fleire år har dei oppgradert skulegarden. I 2021 kom det både fleire huskestativ, og det vart gjort ei real oppgradering av skeisebana, alt takka vere dugnadsinnsats og positive initiativ frå FAU.

Det mest spennande høgdepunktet i 2021 har vore at vi har innført læringsbrett i form av iPad. Alle elevar og tilsette har kvart sitt læringsbrett, og vi har også investert i skjermar og utstyr i klasseromma slik at alt det digitale utstyret vårt fungerer godt saman. Vi har dessutan brukt mykje tid på opplæring slik at vi skal kunne bruke læringsbretta på ein god og formålstenleg måte. Digitale ferdigheiter er ei av dei fem grunnleggande ferdigheitene som skulen skal legge til grunn, og det er viktig at elevane møter alle ferdigheitene, både lesing, skriving, rekning, munnlege ferdigheiter og digitale ferdigheiter, slik at desse gjennomsyrer opplæringa.

Kontakt

Kari Anne Skjaak
Rektor Loar skule
Telefon 976 18 847
Loar skule
Telefon 908 92 149

Besøksadresse: Solsidevegen 18.