Lom ungdomsskule

Leirskule på Bjørnsund Føremålsparagrafen i Opplæringslova seier mellom anna at opplæringa i skule i samarbeid og forståing med heimen, skal opne dører mot verda og framtida, samt gje elevane historisk og kulturell innsikt og forankring. Elevane skal utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.

Enklare sagt arbeider Lom ungdomsskule for at alle elevane skal oppnå fagleg og sosial utvikling, samt vekst i eit skulemiljø der alle elevane også opplever trivsel og tryggleik. Når dei avsluttar skulegangen hjå oss skal dei vere klare for vidaregåande skule.

Året 2021

Høgdepunktet for 2021 må vere at vi ikkje har måtte stenge skulen ein einaste dag. Ei klasse hadde karantene halvannan dag, elles har det berre vore enkeltelevar som har måtte vere heime nokon dagar.

Eksamen vart avlyst i 2021, slik som i 2020. Det same med juleballet og innebandyturneringa. Elevane har vore mykje ute i kroppsøving, sidan idrettshallen har vore brukt til vaksinering. Kulturelle opplevingar i regi av "Den kulturelle skolesekken" har stort sett vore avlyst, men vi fekk ein konsert med Bendik i haust. Ho har sterke tekstar, og det var ei sterk oppleving for mange av oss å høyre på. Utover dette har vi vore skåna for mykje i samband med korona i Lom om vi samanliknar oss med andre skular i Noreg. I 2021 fekk elevane reise på leirskule. Sidan det vart avlyst i 2020, var det to årskull som forventingsfulle drog til Bjørnsund for ei veke full av opplevingar.

I 2021 gjekk avslutningsturen for 10. klasse til Glitterheim der dei overnatta, og med tur oppover mot Glittertind. Elles har vi hatt orienteringsdag i Kleppdalen, tur til Klimaparken og elevane har arrangert ein vellykka loppemarknad i Steinfjoset. Dei har vore med på "Hold Innlandet rent" sin dugnad og gjennomført lyrikkprosjekt.

21 elevar har avslutta utdanninga si hjå oss, og vi har fått inn 24 nye. 10. klasse fekk ha avslutningsfesten sin i juni. For å ha betre plass vart den i Kultursalen i Utgard. Dette vart veldig vellykka, og Utgard vil nok bli brukt til avslutning fleire gongar uavhengig av korona.

Anna vi må trekke fram, er digitaliseringsprosjektet i Lomsskulane. Alle elevane og lærarane har fått kvar sin iPad, og vi har lært at elevane lærar raskare enn lærarane. Nå lagar elevane videoar, animasjonar, podcastar, anonyme undersøkingar, ordbilete og tankekart. Samstundes er lærarane heile tida opptekne av at dei brukar den arbeidsmetoden som til ein kvar tid passar best. Vi skal ikkje bruke digitale verktøy for verktøyet si skuld, men for at elevane skal lære best mogleg.

I haust markerte vi verdsdagen for psykisk helse saman med fysio, skulehelsetenesten og psykisk helse. Det har vore jobba mykje med psykisk helse i skulen både med og utan hjelp frå skulehelsetenesta og psykisk helse. Vi har blant anna klassens time der dette ofte er tema.

Elevane i arbeidslivsfag er skikkelege arbeidsmaurar, og har nok letta vaktmeistarane sin kvardag. Dei har reparert og støypt, måla og beisa. Elevane har også snikra eigne hus til robotgrasklypparane i kommunen. I desember laga dei adventsdugurd for heile skulen.

Uteområdet til skulen har vorte oppgradert med nytt dekke til ballbingen, takka vere ein formidabel innsats av FAU. Huske blir sett opp nå, og alt er klargjort for ei volleyballbane.

Kontakt

Lisa Kronhaug
Rektor Lom ungdomsskule
Mobil 915 71 675
Anita Gjeilo Sandviken
Undervisningsinspektør/rådgjevar Lom ungdomsskule
Mobil 456 35 191
Lom Ungdomsskule
Mobil 908 92 149

Postadresse: Sognefjellsvegen 6
Besøksadresse: Bergomsvegen 35