Servicetorg, informasjon og personal

202106 Meiningssamtale utandørs. Avdelsingsleiar Åste Einbu Gudbrandsen og informasjonskonsulent Rønnaug Nyrnes 

Året 2021

I februar 2021 vart informasjon lagt under same avdeling som servicetorg og personal, og avdelinga gjekk frå 3 til 4 medarbeidarar. Åste Einbu Gudbrandsen er avdelingsleiar. 

Servicetorg og informasjon

Som året før, vart det eit år prega av pandemi og heimekontor. Servicetorget vart stengt etter påske, og informasjonskonsulenten vart i perioder oppteken med å handtere informasjon knytt til smittverntiltak og vaksinasjon. 

Frå og med 01.01.2021 gjekk kommunen over til nytt saks- og arkivsystem, noko som særskilt servicetorget fekk mykje arbeid med. Det er dei som er kommunens "ekspertise" på dette, og som sakshandsamarar vender seg til ved spørsmål.   

Hausten 2021 var det Stortingsval. Mykje av sommaren og perioden fram til valet gjekk med til førebuing og gjennomføring av val. 

I løpet av hausten fekk avdelinga inn ein ny medarbeidar, sidan ein av våre medarbeidarar ynskte å prøve seg i annan jobb i kommunen for ei periode. I tillegg fekk vi inn ein medarbeidar til, for å avlaste litt i ei hektisk periode med val og innføring av nye system. 

På informasjon har det gjennom året vore fokus på å få litt meir innsikt i dei ulike tenestene i Lom kommune. Dette arbeidet held fram i 2022. For innsikt gjennom besøk og samtaler med kollegaer er avgjerande for å kunne vidareformidle informasjon på ein god måte. 

På tampen av året 2021 vart det starta arbeid med digitalt bookingsystem og ei betre løysing for direktesendingar og opptak av kommunestyremøte. 

Personal

I personalavdelinga var det mykje fokus på lønspolitisk plan og lokale forhandlingar. Frå 01.01.2022 var det planlagt å gå over til nytt avviks- og dokumentsystem, samt at kommunen skulle få på plass eSignering og nye arbeidsavtaler. Alt dette måtte planleggast og førebuast på slutten av året 2021. 

Partssamarbeid - kommunen som arbeidsgjevar og tillitsvalde 

Kommunen har og jobba mykje med partssamarbeidet mellom Lom kommune som arbeidsgjevar og tillitsvalde. Det vart gjennomført faste dialogmøte kvar månad med tema som rekneskap, budsjett, orientering om ulike prosessar i kommunen, utlysingspraksis og rekrutteringssituasjonen i kommunen. 

I november vart det gjennomført felles opplæring i Hovudavtala saman med leiarane i Lom kommune. 

Under kan du sjå nokre glimt frå året som har gått. 

Kontakt

Åste Einbu Gudbrandsen
Rådgjevar personal og avd.leiar servicetorg og informasjon
Mobil 481 65 537
Oddny Skjerpingstad
Konsulent servicetorg
Telefon 61 21 73 00
Mobil 917 48 754
Anne Berit Sandvoll
Konsulent servicetorget
Telefon 61 21 73 00
Mobil 913 18 558
Rønnaug Nyrnes
Informasjonskonsulent
Mobil 482 59 772

Kontortid: Måndag, onsdag og fredag
Kontorstad: Midtgard, 4. etasje