Ergo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk

Pandemi - Ergo- og fysioterapitenesta hjelp til med testing 2.jpgErgo- og fysioterapitenesta Lom og Skjåk er frå 1. mars 2021 organisert som ei interkommunal teneste, der Lom er vertskommune. Det skal være likeverdige tilbod i dei to kommunane, med kontor og behandlingslokal i både Lom og Skjåk. Brukarane står fritt til å velgje kva for kommune dei ynskjer oppfølging i.

Tenesta består av helsefremjande og førebyggande arbeid, habilitering og rehabilitering. Målet er å oppnå best mogleg funksjon i samband med skade eller funksjonssvikt gjennom kartlegging, trening, behandling og vurdering av kompenserande tiltak med tekniske hjelpemiddel. Tenesta behandlar enkeltpersonar i alle aldrar, men kan også jobbe helsefremjande og førebyggande mot enkeltpersonar, grupper og på samfunnsnivå.

Året 2021

I løpet av året har vi endeleg vorte fulltallige. Vi har nå faste tilsette terapeutar i alle stillingane, totalt åtte terapeutar fordelt på 6,7 årsverk.

Frå 1. mars inngjekk Lom og Skjåk eit vertskommunesamarbeid for ergo- og fysioterapitenester. Lom kommune er vertskommune. Målet er blant anna å gje innbyggjarane ei meir robust teneste og eit betre tilbod gjennom større fagleg breidde.

I 2021 har vi hatt markeringar på Verdas aktivitetsdag, Styrkeveka og Verdsdagen for psykisk helse, sistnemnde i samarbeid med Psykisk helseteneste Lom og Skjåk og Lom Friviljugsentral.

I løpet av året har terapeutane gjennomført kompetanseheving på ulike område, bl.a. kvinnehelse, velferdsteknologi, fysioterapi for barn, artrose, smertebehandling og livsstyrke.

I periodar med redusert drift pga koronarestriksjonar ser ein at pasientane blir dårlegare. Dette kan vera redusert fysisk funksjon, auka behov for hjelpemiddel og generelt meir plager og smerter. I tillegg kjem det meir komplekse pasientar frå spesialisthelsetenesta som skal ivaretakast ute i kommunane. Dette krev mykje av oss som teneste og vi er prisgjevne eit godt samarbeid med andre faggrupper. Vi har så vidt starta opp eit tettare samarbeid med psykisk helseteneste, som skal vidareutviklast i 2022. Dette gler vi oss på. Nokre tilbod har vi heldigvis klart å gjennomføre tilnærma normalt, som t.d. bassengtrening, supergym og aktive saman.

Kontakt

Sivert Jonassen
Avdelingsleiar Ergo- og Fysioterapitenesta Lom og Skjåk
Mobil 481 65 520