Tenesta har fulgt statlege retningsliner der det har vore særskild fokus på at tilbod til barn- og unge skal oppretthalde normal drift. Tenesta har gjort nokre tilpasningar i høve smittevern, og tilsett har i periodar delteke i arbeid med kommunalt smittevern.
Året 2021
Tenesta har fokus på førebygging på individ- og gruppenivå. I år fekk vi gjennomført barseltreff på Helsestasjonen (bilete 1 og 2).
Tilbodet om fyrstehjelpskurs til føresette, som vart avlyst i 2020 pga. omsyn til smittevern, fekk tenesta gjennomført på etterskot i haust.
Vaksinering med sesonginfluensa, vart òg i år gjennomført i Utgard grunna omsyn til smittevern.
Tenesta har ikkje fått gjennomført gruppebasert Cos-P kurs (foreldrerettleiingsprogram) i år, grunna omsyn til smittevern.
Tenesta var med og gjennomførte markering av Verdsdagen for psykisk helse, på Ungdomsskulen. Bilete nr. 3 og 4.
Tenesta søkte og fekk tildelt statlege midlar til styrking av lønsmidlar for 3 år.
Lom kommune og tenesta tek over ansvar for bemanning i skulehelsetenesta på vidaregåande skulen i Lom frå 2022. I budsjettprosessen i 2021 vart tenesta styrka med 20% stilling til dette formål.
Fødselstalet i 2021 vart 21.