Psykisk helseteneste Lom og Skjåk

Så er nok eit år prega av pandemi og alt det inneber av utfordringar over. Psykisk helseteneste har hatt fokus på å ivareta alle våre pasientar på ein best mogleg måte også gjennom dette året.

Året 2021

Vi har hatt fokus på god tilgjengelegheit og rask respons. Vi har tilrettelagt drifta fortløpande utifrå dei gjeldande restriksjonane, men med fokus på god ivaretaking av den enkelte. Alle som har teke kontakt har fått oppfølging frå tenesta og det har ikkje vore nokon på venteliste dette året.

Tenesta søkte på prosjektmidlar frå Statsforvaltaren og fekk innvilga dette. Midlane har vorte brukte til å få inn ein vikar som skulle vera med og kompensere for den innsatsen som psykisk helseteneste bidreg med i FACT-teamet. Resterande har vorte brukt til systemarbeid med fokus på revisjon av våre prosedyrer, utvikling av brosjyre og implementering av Visma Samspill.

Vi har fått sluttført arbeidet med ein brosjyre som heiter" Barn som pårørande". Alle foreldre som er pasientar her eller andre omsorgspersonar for born under 18 år får denne gjennomgått og utlevert av oss.

Vi har fått sett i system faste samarbeidsarenaer med dei tenestene vi samhandlar mest med. Vi har fått på plass faste møte med ergo-fysioterapitenesta, NAV, heimetenestene i Lom og Skjåk.

Verdensdagen for psykisk helse som er den 10. oktober vart markert med ei tilstelling i Presthaugen fredag 8. oktober saman med Friviljugsentralen og ergo- og fysioterapitenesta. Tema for markeringa var " Livet under og etter pandemien", vi fokuserte  på  viktigheita av fysisk aktivitet og sosial deltaking. Tenesta var også med på markering av verdsdagen på ungdomskulen.

Tenesta har vore inne i alle klassene på ungdomsskulen og informerte om tenesta og tilbodet vi har.

Psykisk helseteneste har kjøpt inn videokonferanse utstyr, noko som har letta kvardagen vår mykje i høve tverrfagleg samhandling .

Det har vore noko sjukemelding i tenesta dette året, men vi har vore heldige som har hatt kvalifisert vikar. 

Kontakt

Håvard Åmot Svestad
Leiar Psykisk helseteneste Lom og skjåk
Mobil 481 49 062