Lom folkebibliotek

Sommarles-suksess

Året 2021 

Den største hendinga i 2021 er Beste norske-prosjektet vårt der 67 bibliotek vart med. Dette prosjektet vart starta opp og gjennomført hausten 2021.

Sommarles var ein knallsuksess i Lom i fjor! Nesten alle ungane i 1. til 7. klasse var med, godt over 90%. Trur det var størst prosentvisdeltaking i heile landet. Ungane las enormt mykje, engasjementet var stort, og det var reinaste halleluja-stemninga når dei henta premiar! Veldig moro!

Vi sette i gang prosjektet Pengane og livet, eit samarbeidsprosjekt med Skjåk folkebibliotek med fokus på pengar, økonomi og korleis det påverkar liva våre. Vi gjennomførte to arrangement i fjor, valdebatt med fokus på demografiutfordringar i distrikta og forfattarbesøk for mellomsteget med Arnfinn Kolerud og Ingeborg Arvola. Prosjektet blir avslutta i 2022.

Vi vart Nynorsk pilotbibliotek i fjor, som eit av fem bibliotek i landet. Vi hadde to arrangement i samarbeid med Nynorsk kultursentrum knytt til dette prosjektet, Kveldvord med Kolerud og familieforestilling med Annlaug Børsheim. Dette er eit prosjekt som går over to år.

Bokpakker til folket! 
Vasslekkasje i biblioteket førte til at biblioteket vart stengt, men aldri så ille at det ikkje er godt for noko. Biblioteket fekk nytt golv, og vi lanserte bokpakker - du bestilte, vi pakka og la i gangen til henting.
På NRK si nettside kan du sjå eit nyheitsinnslag om dette, sjå frå 08:50.