Utgard fleirbrukshus

Fel-Jakup - Majorstuen   

Året 2021

2021 starta med raudt nivå for vidaregåande skule, og vi hadde full rigg for å kunne gjennomføre undervisning i idrettshallen til 2. klasse og 1. klasse i kultursalen.

Fyrste halvåret var det mykje nedstenging. Mange arrangement, som kino og konsertar, vart avlyste eller utsette. Idrettshallen vart nytta til vaksinasjon, og det har vore jamt med vaksinasjonsdagar gjennom året.

Kulturskulen nytta i stor grad Utgard til øvingar for å få god nok plass med tanke på smitteverntiltak. Det same gjaldt Lom kommune som nytta kultursalen til både politiske og administrative møte. 

Strenge smitteverntiltak har og gjort at styrke- og spinningrom har vore mindre besøkt i 2021. I tillegg har også aktiviteten i Utgard i regi av Lom IL i perioder vore redusert. 

Frå sommaren og utover hausten vart det meir aktivitet i Utgard, men trass i at Norge ei periode opna opp att hausten 2021, så har folk vore forsiktige med å oppsøke konsertar og kino. Dette har ført til nokså låge besøkstal. Totalt har det vore ca 2000 besøkande på kulturarrangement i 2021. Dette er ¼ av normalt, samanlikna med 2019.

Gjennom året har Utgard hatt: 

  • 32 kinoframsyningar
  • 17 konsertar frå sommaren og utover hausten
    DiktarDagar, Jakupscena og Kulturskulen har stått for fleire konsertar.
  • Det har vore fleire foredrag og mindre konferansar

Biblioteket har vore flinke til å legge ulike arrangement til Utgard. Det har vore bokbad, valdebatt og sommarles-utdeling.