Felleskontor plan, byggesak og miljø for Lom og SkjåkSynfaring kommuneplan Lom - vassveg ved Rådsbakkan Året 2021PlanFelleskontoret for plan, byggesak og miljø for Lom og Skjåk har tre tilsette (to stillingsheimlar) som jobbar på fagområdet plan: Sander Sælthun, Øyvind Pedersen og Anne Silje Berg. Felleskontoret har ansvaret for planarbeidet i båe kommunane, som kommuneplanar, reguleringsplanar, konsekvensutgreiingar og dispensasjonssøknadar.Oppgåver har mellom anna omfatta dette i 2021: Lom kommune meldte oppstart av ein reguleringsplan i 2021, dette gjaldt Loar skule. Gjennom dette planarbeidet skal ein finne ei alternativ løysing til gangvegen som går gjennom skuleområdet i dag. Saka har skapt engasjement – det kom inn heile 16 uttaler til oppstartsvarselet. Kommunen mottok eitt privat reguleringsplanforslag i Lom, detaljreguleringsplan for Stupulvegen. Det vart vedteken ei planendring i Lom, i reguleringsplanen for Galdhøpiggen klatrepark. Skjåk kommune meldte oppstart av to reguleringsplanar: Detaljreguleringsplan for flaumsikring av Bismo og detaljreguleringsplan for Øyberget næringsområde. Det var ikkje høyringer eller vedtak av reguleringsplanar i Skjåk dette året. Dispensasjonssaker: Felleskontoret behandla fire saker om dispensasjon frå arealplan i Lom og to i Skjåk. Forslag til kommuneplanens arealdel for Lom var på høyring og offentleg ettersyn. Kommuneplanar er store og omfattande planverk – planforslaget omfatta totalt 300 tekstsider med føresegner, planomtale, risiko- og sårbarheitsanalyse og konsekvensutgreiingar, i tillegg til tolv plankart og temakart. Det vart meldt oppstart for revidering av kommuneplanens samfunnsdel for Lom. Dette omfatta også høyring av planprogrammet som seier noko om kva samfunnsdelen skal omfatte. Kommunen har i etterkant jobba med medverknad og innhald i det som skal bli planforslaget. Det vart gjennomført farekartlegging for steinskred/steinsprang på Leirmoen og ved Lyngved i Garmo. Kommuneplanens arealdel for Skjåk vart ferdigstilt og vedteke i juni.MiljøVed felleskontoret for plan, byggesak og miljø er 50 % av Sander Sælthun si stilling knytt til miljø- og naturforvaltning. I tillegg leiger felleskontoret inn ein 30 % ressurs frå Skjåk kommune: Tor Taraldsrud. Sakene som kommunen har, heilt eller delvis ansvar for, er knytt til motorferdsel i utmark, rekreasjon og friluftsliv, kulturminne og kulturmiljø. Også vassdragsforvaltning, viltforvaltning og forureining er blant oppgåvene. I Lom vart det behandla 22 søknadar om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse var 17 av søknadane knytt til motorferdsel på snø (12 innvilga), to på barmark (båe innvilga) og tre omhandla landing med luftfartøy (alle innvilga). Ordninga med leigekøyring omfatta i 2021 sju snøskuterar som var godkjende for leigekøyringsoppdrag. Det vart gjennomført skadefellingsforsøk på jerv i Lom, Skjåk og Vågå i juli/august, utan resultat. Lom og Skjåk kommunar deltek i prosjektet Flomrespons, der målet er å utvikle eit nytt og framtidsretta verkty for lokal flaumvarsling.ByggesakDet var i 2021 knytt to byggesaksbehandlarar til felleskontoret for plan, byggesak og miljø: Øystein Brandsar og Bjørn Bøye. Sistnemnde gjekk over i ny jobb i oktober 2021 og stillinga hans er vakant til vinteren 2022. Felleskontoret har ansvaret for byggesak i båe kommunane, og stillingsprosenten er 150 % på dette fagområdet. Det har vore handsama over 260 byggesaker totalt ved felleskontoret: I overkant av 160 i Skjåk og noko over 100 i Lom. Ein del av desse er ferdigattestar. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i Loms-saker er 14 dagar, i Skjåk-saker er talet 11 dagar. Saksbehandlingstida har vore noko lenger i 2021 enn i 2020. Dei aller fleste sakene er behandla innafor saksbehandlingsfristane. Det har vorte søkt om og gjeve løyve til oppføring av tre bustadhus i Lom og fire i Skjåk, og 13 fritidsbustadar i Skjåk. Det har vorte søkt om og gjeve løyve til fleire tilbygg til driftsbygningar i samband med endra drift, som kan sjåast i samanheng med prosjektet "Laus ku med framtidstru". Det var jamt over ein del søknadar om oppføring av tilbygg og garasjar. Det har kome inn 14 meldingar om tiltak som er unnateke søknadsplikt, sju i Skjåk og sju i Lom.BeredskapLom er vertskommune for felles beredskapskoordinator med Skjåk. Denne stillinga er knytt til felleskontoret for plan, byggesak og miljø. Beredskapskoordinatoren slutta i stillinga si i oktober, og Lom og Skjåk kommunar starta arbeidet med å omorganisere denne stillinga og førebur sak til politisk behandling i båe kommunane vinteren 2022. I tråd med føresegnene om kommunal beredskapsplikt skal kommunane integrere samfunnssikkerheit i dagleg verksemd og gje samfunnsikkerheitsoppgåvene eit heilskapleg perspektiv. Oppgåvene til beredskapskoordinator omfattar mellom anna: Utarbeide og oppdatere overordna ROS analyser og beredskapsplanar. Planlegging og utføring av beredskapsøvingar. Halde kontakt med andre relevante aktørar innan beredskapsarbeid. Generell tilrettelegging av kommunen sitt beredskapsarbeid. Ein del av beredskapsressursane har i 2021 gått til handtering av koronapandemien og arbeid med beredskapsplanar i dei to kommunane. Publisert 14.03.2022 10.29