Næring

Styringsgruppa for Lom som berekraftig reisemål 

Året 2021

På næring har det vore stor aktivitet i 2021.

Det har vorte gjennomført 19 fysiske bedriftsbesøk, og 13 bedrifter har fått bistand/rådgjeving knytt til etablering eller søknadsskriving.

Kommunen sendte ut ei større spørjeundersøking til næringslivet med 63 svar, og har og arrangert tre nettverkssamlingar saman med andre.

Det nye mat- og eldhuset i Presthaugen vart endeleg fullfinansiert, og Jotunheimen bygg vann anbodet.

Det har vorte delt ut over 2 millionar i lokale kompensasjonsmidlar, gjennomført stillingsslepp med rekordmange 350 ledige stillingar og ein tilflyttarmiddag med over 40 påmeldte. 58 tilflyttarar har fått tilsendt velkomstbrev frå kommunen.

Det har vorte lagt til rette for filminnspelinga TROLL, og vi er i gong med arbeidet som berekraftig destinasjon fase 1.

Til jul vart det nye vinterljos i sentrum, i godt samarbeid med m.a. Visit Jotunheimen.

Gjennom Ungt Entreprenørskap vart det arrangert innovasjonscamp for både 8. og 9. klasse, og regionalt etableringskurs gjennom Skåppå.

Nesten 60 000 har sett innlegga som har vorte delt på Lom næringsforum på Facebook, og det vart også oppretta ein eigen Instagram-konto.

Infrastrukturprosjektet i sentrum vart avslutta, med fleire nye skiltplanar, asfaltering av bussplass m.m. som resultat.

Sjå ei meir detaljert oversikt på arbeidet i 2021 her.  

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje