Teknisk avdeling

20211203 Informasjonskonsulenten besøkte vassverket i Grov. 

Teknisk avdeling er delt opp i desse tenesteområda: 

Kommunal eigedom yter tenester til brukarane av bygga i Lom kommune. Her finn du mellom anna reinhalds- og vaktmeistertenesta i kommunen.

I tillegg til dette, er det denne avdelinga som forvaltar, driftar og vedlikeheld kommunen sine eigedomar og grøntanlegg. Investeringsprosjekt, brannvern og alarmar på kommunale bygg ligg og under denne tenesta.

VAR-området omfattar veg, vatn, avlaup og renovasjon. 

Oppmåling gjer oppretting av nye eigedommar. I tillegg til dette er følgande ein del av arbeidet som blir gjort på dette tenesteområdet:  

  • klarlegging og endring av eksisterande eigedommar, samt rettleiing om dette 
  • rettleiing knytt til tinglysing
  • ansvar for at kartsystema og kartgrunnlaget til kommunen er oppdatert og funkar som dei skal

Året 2021

Det har også i 2021 vore mykje fokus på koronasituasjonen, og reinhald- og vaktmeistertenesta i kommunen har lagt ned ein kjempeinnsats gjennom heile året. 

I tillegg har det mellom anna vore gjennomført kartlegging av kommunale bygg. Nokre bustadar vart seld, og nokre fekk renovering. 

Fleire bygg har fått oppgradert brannvarslingsanlegg og el-anlegg. Det vart lagt nye golv på mellom anna biblioteket og nokre formålsbygg vart oppgradert med adgangskontroll.  

Ballbingen på Lom ungdomsskule fekk nytt dekke, og gamle doktorgarden vart historie. 

Tenesta har og køyrt ut og montert hjelpemidlar til heimebasert omsorg.

På slutten av året kasta vaktmeistrane seg også rundt for å bidra til at Lom sentrum fekk opp vinterljos, mellom anna i rognealleen. 

Kontakt

Jan Runar Tangstad
Avdelingsingeniør
Mobil 979 89 359
Erik Lindseth
Tenesteleiar kommunal eigedom
Mobil 470 24 500
Stig Roar Mandal
Ingeniør
Mobil 454 03 444

Kontor på Midtgard, Sognefjellsvegen 6.