Trass i tidvis heftig testing av både elevar og tilsette for korona, og at eksamen vart avlyst på tredje året, byrja Lom ungdomsskule og vende attende til kvardagen. Dette vart feira med to skuleball i 2022, påskeball og juleball. Elevane fekk også reist på skuleturar att. 10. klasse drog på tur til Eidsvoldbygningen og Stortinget. 9. klasse overnatta i lavvo på Liafjellet, og 8. var på leirskule på Bjørnsund. Bondebryllaup vart også arrangert igjen.
I juni fekk skulane i Lom synt fram for heile kommunestyret, korleis elevane no arbeider og dokumenterer si kompetanse på andre og nye måtar ved hjelp av læringsbrett med filmar, mulitmodale tekstar, digitale bøker og tankekart. Hensikta er ikkje meir tid framfor skjerm, men meir variasjon med aktive og utforskande elevar. Trur nok mange vart overraska over kor flinke elevane er.
Onsdag 7. september gjekk det eit stort ras like ovanfor Røisheim og vegen vart stengd. Skulane førebudde seg på å starte ei eiga avdeling av skulen på Galdesand, men heldigvis opna vegen raskt igjen.
Arbeidslivsfaget skal gje elevane erfaring med praktiske og yrkesretta arbeidsoppdrag. Dei har bidrege mykje i Grov med maling, beising, montering av hyller og luking. I tillegg har dei laga julelunsj og anna mat for sal i kantina. Elevane fekk verkeleg prøvd seg då dei skulle demontere store delar av skulekjøkenet, før det skulle pussast opp.
Elevane frå Lom vann ei reiselivskonkurranse om beste reklamefilm for heimkommunen i 6K. Alle trinna på ungdomsskulen var med på "Hold Innlandet rent", kor vassdraga blir rydda for søppel. Elevane driv elevbedrift, og dei deltar i "Vi bygger Norge". Det er også mange bedriftsbesøk gjennom heile ungdomsskulen som til dømes Eidefoss, Ysteriet, Mølla og Interfil. Alle har besøkt Fjellsenteret og 10. får reise til Klimaparken. Skulen har orienteringsdag, innebandyturnering og skidag.
Hausten 2022 fekk ungdomsskulen "skule-hund". Det er mange aktivitetar og øvingar ein kan gjera med hund som aukar motivasjon og lærelyst. Hundar kan brukast på mange forskjellige måtar, ikkje berre til å lære, men gje positive pausar, auka sjølvtillit, nærleik, støtte og følelse av meistring. Ved å gjere aktivitetar med hund kan elevane øve på samarbeid, kommunikasjon og sjølvregulering.
Skulen har også skapt nye tradisjonar dei siste åra. På morgonen i desember er det fyr i bålpanne og servering av peparkaker. Det er også starta opp med julelunsj for alle elevar og tilsette, som elevane i arbeidslivsfag sørger for, i tillegg til påskelunsj og julegraut som har vore tradisjon i mange år.