Plan, byggesak og miljø 2022

2022 vart eit innhaldsrikt år for felleskontor for plan, byggesak og miljø Lom og Skjåk. Nedafor kan du lese nokre høgdepunkt frå året som har gått. 

Felleskontor for plan, byggesak og miljø

Tilsette på plan, byggesak og miljø i Lom og Skjåk: Anne Silje Berg, Øystein Brandsar, Nils Henry Fosstuen, Sander Sælthun og Øyvind Pedersen. - Klikk for stort bildeTilsette på plan, byggesak og miljø i Lom og Skjåk: Anne Silje Berg, Øystein Brandsar, Nils Henry Fosstuen, Sander Sælthun og Øyvind Pedersen.

Høgdepunkt

  • Heile kommuneplanen vart endeleg vedteken, både arealdelen og samfunnsdelen. Les meir om areal- og samfunnsdelen.
  • Reguleringsplanen for Loar skule er vedteken. Denne legg til rette for stenging for ålmenta gjennom skuleområdet i skuletida, og etablering av gang- og sykkelveg langs fylkesvegen. 
  • Det er gjennomført 18 oppmålingsforretninger. 
  • Det er arbeidd med rettingar i matrikkelen. Kvar retting gjer at matrikkelen og visninga av eigedomar i kart blir meir og meir til å stole på. 
  • Det er målt inn stikkrenner i heile Lom dei to siste somrane, på alle fylkesvegar og kommunale vegar og på nokre skogsbilvegar. Nå har vi oppdaterte flaumvegskart, som gjev oss betre oversikt over kvar vatnet tek vegen. 
  • Nils Henry Fosstuen starta som byggesaksbehandlar i februar. Han skal også arbeide med GIS.  
  • I 2022 vart det handsama 50 byggesaker i Lom. Dette er ein markant nedgang frå 2021 og dei foregåande åra. Totalt antal rapporteringspliktige byggesaker som vart handsama i Lom og Skjåk var 121. 
  • Stig Roar Mandal er nå autorisert landmålar! 
  • Det vart gjennomført ny faresonekartlegging av skredfare for Lom sentrum. 
  • Arbeidet med prosjektering av flaumsikring for Lykkja vart sett i gang. Forprosjektet blir ferdigstilt 1. kvartal 2023, og vil vere grunnlag for søknad til NVE om midlar til å gjennomføre tiltaket. 
  • I Skjåk vart det gjennomført ny faresonekartlegging for Bismo, som nødvendig grunnlagsdokumentasjon for arbeidet med ny reguleringsplan for delar av sentrum. 
  • Under storviltjakta 2022 vart det felt 57 elg i Lom kommune – nøyaktig det same som i 2021. Fellingsprosenten ligg på snaut 90 % av kvoten, som i 2022. Berre i rekordåret 2015 har det vore felt fleire elg i Lom. 
  • Også for hjortejakta vart resultatet totalt for Lom kommune uendra frå 2021: 170 hjort vart felt i 2022, det same som i 2021, mot 159 i 2020 og 137 i 2019. Det vart gjeve løyve til fri avskyting av hjortekalv i Lom kommune i 2022, det vil derfor vere noko misvisande å samanlikne fellingsprosent med tidlegare år. Fallvilt, påkjørte dyr og avliva sjuke dyr kjem i tillegg. 
  • I Lom vart det behandla 15 søknadar om dispensasjon frå lovverket om motorferdsel i utmark. Av desse var 8 av søknadane knytt til motorferdsel på snø (7 innvilga), tre på barmark (alle innvilga) og fire omhandla landing med luftfartøy (alle innvilga). Eit av løyva var fleirårig.  I tillegg vart det gjeve 1 dispensasjon frå kommunal forskrift om motorisert ferdsel på vassdrag for bruk av elektrisk båtmotor. 
  • Ordninga med leigekøyring omfatta i 2022 totalt 7 snøskuterar som var godkjende for leigekøyringsoppdrag. 
  • Det vart gjennomført skadefellingsforsøk på jerv i Lom, Skjåk og Vågå i august 2022, utan resultat. Det vart også gjennomført skadefellingsforsøk på gaupe i Lom og Vågå i juni, utan resultat. 

Kontakt

Anne Silje Berg
Tenesteleiar plan, byggesak og miljø
Telefon 905 83 658