Teknisk

Innhald

Kommunal eigedom

2022 har vore eit år med høg aktivitet for kommunal eigedom.

Særleg viktig har deltakinga på eit innovasjonsprogram i regi av regionkontoret vore. I programmet har vi staka ut ein kurs på korleis eigedomsforvaltinga bør utviklast i åra framover. Ein kurs kor vi går frå "brannslukkingsarbeid" til  å ha full kontroll, og i større grad kan bidra i å nå måla i ny samfunnsplan; at Lom kommune skal vere ein berekraftig og attraktiv stad å bu heile livet. 

Andre eksemplar på kva som har skjedd utover ordinær drift av bygg og uteområda:

  • All belysning på Loar barnehage er bytt til LED-lys 
  • På biblioteket vart det lagt nytt golv og måla veggar 
  • Stort bidrag i oppgåva med busetting av flyktningar 
  • Ein utleigebustad vart renovert
  • Saman med vatn- og avlaupsavdelinga har vi fått bygd ein ny lagerhall
  • Overteke nytt eldhus i Presthaugen 
  • Etablert fiberbreiband i kommunale utleigebustadar 
  • Etablering av nye lokalar for kommunal eigedom 
  • Montert snøfangarar på losjihuset på gamle Loar
  • I samarbeid med skulane har vi fornya skulekjøkenet på Lom ungdomsskule 
  • Forprosjekt Lom helseheim mot 2050 er godt i gang 
  • Brannteknisk tilstandsvurdering på Drengjestugu 
  • Fått etablert ei samla oversikt over tilstand på dei fleste kommunale føremålsbygg 

Vi har teke i bruk teknologiske løysingar med mål om å forenkle drifta. Samtidig betrar vi brukaropplevinga på bygg og i uteområdane rundt om i Fossbergom:

  • Suksessfull pilotering av eit automatisk vatningsanlegg på grasflekken utanfor Gamle loar 
  • Lånt ein smart søppeldunk for utprøving. Søppeldunken komprimerer søppelet og gjer plass til 3-4 gongar så mykje som ein ordinær dunk. Den drivast av eit solcellepanel og varslar på ein app når den må tømast. 
  • Bruk av drone for å følgje med på tilstand på tak, takrenner og andre område som ikkje er så lett tilgjengeleg 
  • Robotstøvsugar i biblioteklokale

VAR - vatn, avlaup og renovasjon

  • Vassvaglen vart renovert
  • Fundamentering og reisverk til ny lagerhall vart ferdig
  • Miljøstasjon fekk nytt lagerbygg
  • Det vart sett opp gateljos gjennom Frisvoldskogen – frå byggefeltet til barnehagen
  • Det vart kjøpt inn ein ny bil
  • Det vart lagt ny asfalt på delar av strekninga på den kommunale delen av Galdhøpiggvegen. Arbeidet held fram i 2023.

  

Oss i Lom