Bustadar til sals eller til leige i Lom

Klikk for stort bildeFoto: Live Andrea SulheimEr du på leiting etter ein plass å bu i Lom, eller har du ein plass til sals eller utleige?  
 
Lom kommune har ei oversikt over ledige bustadar til sals og leige i Lom. Dokumentet er "levande", og vil bli oppdatert fortløpande. Sjå oversikt over ledige bustadar.

Oversikt over ledige bustadar i Lom


Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du har bustad til sals eller leige som du vil synleggjere på lista.  
Vi vil elles anbefale å følgje med her:

Kommunale bustadar 

Lom kommune har rundt 20 kommunale utleigebustadar som kan leigast ut etter søknad.  
Nokre er reservert til vanskelegstilte og til omsorgsbustadar. Andre er ope for ordinær utleige i inntil tre år, og deretter må det søkast årleg. Målet er at dette skal vere eit midlertidig alternativ for deg som slit med å finne ein plass å bu i Lom, eller som ynskjer å leige ei periode før du skal kjøpe deg bustad.  

Les meir om leige av kommunale bustadar.

Bli betre kjent med dei ulike bustadområda i Lom

Ynskjer du å bli litt betre kjent med dei ulike bustadområda i Lom? Her finn du ei kort skildring av dei ulike alternativa.

Heile Nord-Gudbrandsdalen er elles ein felles bu- og arbeidsregion, og særleg nabokommunane Vågå og Skjåk ligg i fin pendleavstand frå Lom.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje