Last ned designmanual (PDF, 2 MB)
Lom er ein fantastisk bygd i sentrum av Jotunheimen og fjellregionen. Lom stiller i ei klasse for seg sjølve når det gjeld profil og status. Eg er i likheit med mange andre svært stolt over og vere lomvær og innbyggjar i ei bygd som har ualminneleg gode føresetnader for å skape ei spanande og berekraftig utvikling i tida framover. For å lukkast i dette arbeidet, krevst det samarbeid og samhandling på alle nivå. Vi må også identifisere oss med verdiar og strategiar som fører bygda vidare framover. Profilprogrammet kan hjelpe oss med dette.
I 2007 vedtok Lom kommune ein eigen samfunnsdel til kommuneplanen der føremålet er å trekkje opp mål og retningsliner for utvikling i Lom kommune som samfunn og organisajon.
Lom skal vere eit lokalsamfunn basert på desse grunnverdiane:
- gjestfri
- open
- inkluderande
- respektfull
- nyskapande
- trivsel
- lokal kultur og historie
- natur
Som visjon her er valgt
Lom - gjestfritt og nyskapande.
Slagordet Kom til Lom er med på å synleggjere visjonen.