Oversyn over stipend og legat som Lom kommune forvaltar
Søkjarar på fond og legat må vere folkeregistrert i Lom kommune.
Nytt deg av søknadsskjema som du finn nedst i saka.
Olav Ulmo og Ola T. Kløvvoldens samlelegat for utdanning
Fondet blir lyst ut seinare.
Formål: "Legatmidlane skal delast ut til ungdom frå Lom som treng økonomisk støtte til vidaregåande eller høgare utdanning i teoretisk og/eller praktisk retning." Kunngjering av søknadsfrist blir annonsert i lokalpressa og kommunen si heimeside.
Barbro og Rikard Marsteins utdannings- og næringsfond
Formål: "- Å gi økonomisk støtte til utdanning, etablering og drift av næringsvirksomhet eller andre formål for å støtte opp om - personar fra Lom kommune som tar utdanning innenfor de fagområder som er lagt under lov om mesterbrev i håndverk og annen næring av 20.06.1986 nr 35, jfr. tilhørende forskrift av 08.12.2000 nr 1281 § 1 om hvilke fag som er lagt under lov om mesterbrev i håndverk og annen næring, slik bestemmelsene til enhver tid gjelder, dog primært fagområdene snekker, treskjærer, trevare- og møbelsnekker samt tømrer. Forskriftens § 1 vedlegges vedtektene. - etablering og drift av næringsvirksomhet eller andre formål i Lom kommune innenfor dei fagområder som er nevnt foran."
Dersom du søkjer støtte for utdanning nytter du søknadsskjema nedst i denne saka. Søkjer du støtte til næringsverksemd nytter du eige søknadsskjema: Søknad for næringsliv til Barbro og Rikard Marsteins utdannings- og næringsfond
Odd Gutubøs Utdanningsfond
Fondet blir lyst ut seinare.
"Fondets formål er at dets avkastning, og eventuelt del av grunnkapitalen etter styrets nærare bestemmelse, skal gå til utbetaling av stipend til personar med registrert bustadsadresse i Lom som utdannar seg til sjukepleiar eller hjelpepleiar."
Lars O. Prestjorde og kones fond
Fondet blir ikkje utlyst i 2023.
Ungdom i Lom som tek vidaregåande utdanning kan søkje om stipend frå ovannemnde fond.
Torlaug Kvandalsvolls minnefond
Fondet blir ikkje utlyst i 2023.
"Fondet skal ha som formål å vera til hugnad og glede for dei som bur i heimbygda mi. Desse kan søkje: Lag som står for kyrkjekonsertar, Lom Helseheim, Lom pensjonistlag, Bøverdal Samfunnslag, Speidaren, Musikk- og andre lag som driv tilsvarande kulturaktivitetar." Dette minnefondet har eige søknadsskjema: Søknadsskjema Torlaug Kvandalsvolls minnefond.
Otto Gutubøs utdanningsfond
Fondet blir lyst ut seinare.
Ungdom i Lom som tek universitets- eller høgskuleutdanning innan
landbruk, skogbruk og naturforvaltning tilsvarande cand.agricnivå, veterinærmedisin og sivilingeniør kan også søkje på Otto Gutubøs utdanningsfond.
Søknadsskjema: