Forskingsprosjekt i samband med framtidig bu- og tenestetilbod i Lom kommune

Prosjektgruppa med representantar frå Lom kommune, Senteret for et aldersvennlig Norge, Skjåk kommune, friviljugsentralen, SINTEF Digital og Regionrådet Nord-Gudbrandsdal. Aldersvennlig.no  Lom kommune er i gang med eit forskingsprosjekt der det blir utforska korleis offentlege, private og friviljuge aktørar kan samarbeide om aktivitetstilbod til eldre innbyggjarar. 

I samband med prosjektet Framtidig bu- og tenestetilbod i Lom kommune, er det starta opp eit forskingsprosjekt Ny tenestemodell for førebyggande helse i samarbeid mellom kommune, næringsliv og friviljug sektor

Målet med forskingsprosjektet er å kartlegge moglegheitene for å opprette helsefremmande tiltak for eldre i eit samarbeid mellom ulike aktørar. Vidare vil prosjektet kartlegge kva for aktivitetar målgruppa finn interessant å delta på, samt faktorar som hemmar/fremmar deltaking. 

Resultatet skal bli ei skisse til ein tenestemodell for aktørsamarbeidet for næringslivet, friviljuge og kommunen.  

«Ny tenestemodell for førebyggande helse i samarbeid mellom kommune, næringsliv og friviljug sektor» er eigd av Lom kommune, og er finansiert av Regionalt forskningsråd for Innlandet. 

Skjåk kommune, Regionrådet Nord-Gudbrandsdal, Norsk fjellsenter, Visit Jotunheimen og Senteret for aldersvennlig Norge bidreg i prosjektet med kunnskap og som prosjektdeltakarar. Det same gjer representantar frå Vågå kommune, Sel kommune, Lesja kommune og Dovre kommune. SINTEF Digital er med som forskings- og utviklingspartner. 

Les meir om det spennande prosjektet på aldersvennlig.no