Kontaktinformasjon næringLom kommune ynskjer å vere ein næringsvennleg kommune. Her skal det vere låg terskel for å ta kontakt, og vi har teieplikt. I fyrste omgang vil vi anbefale deg å ta kontakt med vår næringssjef Åshild Myhre Amundsen. Korleis arbeider Lom kommune med næringsutvikling? Eit robust næringsliv er ei særs viktig forutsetning for at Lom kommune skal vere ein attraktiv kommune å bu i, både nå og i framtida. Kommunen skal bidra til å legge til rette for både nye og eksisterande arbeidsplassar. Sjå gjerne vår gjennomføringsplan for næring- og tilflytting for meir informasjon. Næringskontoret i Lom har per dags dato ein tilsett i 100% stilling som samarbeidar tett med mellom anna politisk nivå, andre frå administrasjonen, regionkontoret og dei andre næringssjefane i regionen. Kva kan vi hjelpe deg med? Næringskontoret kan vere til hjelp gjennom kontaktnettet og eigen kompetanse. Vi kan hjelpe deg sjølve eller kople deg med det rette miljøet når det gjeld: oppstart og utvikling av bedrifta finansiering rekruttering utviklingsprosjekt utforming av søknadar om tilskot til eksterne aktørar og liknande nettverksbygging informasjon om kurstilbod, arrangement med meir. bistå i jakt på ledige lokale/næringstomter spørsmål knytt til plan- og byggsak (næringsavdelinga er lokalisert saman med kommunens planavdeling) Vi samarbeider tett med utviklingsaktøren Skåppå, som vi har ei partnerskapsavtale med. Det er også mogleg å ta kontakt med dei direkte. Vi gler oss til å høyre frå deg! Publisert 08.08.2022 10.19 Sist endret 19.12.2022 15.20