Næringstomter i Lom

Her finn du oversikt over ledige næringsareal i Lom kommune. 

Ta gjerne kontakt med næringssjefen dersom du ynskjer meir informasjon. 

Ledig næringsareal i Lom kommune:

Foto: Lågkollen næringsområde Åshild Myhre Amundsen


Kort oppsummert ser det slik ut: 

  • 1 tomt på 2540 m2 i regulert område, Skjæsarøye industriområde. Grunneigar: Lom kommune
  • 1 tomt på 3049 m2 i uregulert område, Gjeisarøye industriområde. Grunneigar: Ola Steinbakke
  • Eit stort tomteareal på ca. 200 daa, uregulert område, Lågkollen næringsområde mellom Fossbergom og Garmo. Grunneigar: fleire private grunneigarar, mellom anna Hans Graffer. 
  • 2 tomter på 2,9 daa i sentrum (Fossbergom). Regulert område, brukt til el-bil parkering pr. no. Grunneigar: Lom kommune. 
     

Under finn du meir detaljert informasjon om dei ulike områda: 

Skjæsarøye (regulert):

Gards- og bruksnummer: Ikkje oppmålt, men inngår som ein del av tomta 37/3/0
Areal: Ca. 2540 m2
Heimelshavar: Lom kommune

Uregulert areal (Gjeisarøye):

Ei uregulert tomt på rundt 3000 m2 er ledig i Gjeisarøye.

Lågkollen næringsområde - Garmo

Det er sett av eit område BN01 på Lågkollen med arealbruksformål byggeområde næringsformål - eksisterande i planen. Området er på rundt 200 daa, og er ikkje regulert pr. dags dato. I 2023/2024 starta kommunen opp med forundersøkelser når det kjem til VA, vegtilgang etc. 

 

Næringsareal i sentrum (Fossbergom)

Det ligg to næringstomter i sentrum som ikkje er bebygd, gards- og bruksnummer 39/3/1 og 39/3. Totalt areal er på 2,7 daa. 

 

Søknad om tildeling av næringstomt

Gjennom fleire tiår har kommunen satsa på å utvikle eit sentrum med særpreg. Det er difor enkle, men tydelege krav til takvinkel og farge på alle bygg. Det er samfunnsutvalet som gjer vedtak om tildeling av tomt, mens det er næringssjefen som er fyrste kontaktpunkt dersom du er interessert i næringstomt i Lom kommune, og som gjer saksbehandlinga for tildeling, skriv festekontrakt etc.

Ta gjerne kontakt dersom du ynskjer ein prat (kontaktinformasjon)

Ynskjer du å søkje? Da kan du sende ein kortfatta søknad som bør innehalde: 

  • Angi kva slags tomt som er aktuell, med eit kartutsnitt der arealet er markert. Kommunen kan hjelpe deg med å lage eit slikt utsnitt dersom du har behov for det. 
  • Grunnflate på planlagt bygg
  • Skildre kva arealet skal brukast til og ein grov framdriftsplan
     

Kommunen tek atterhald om at det kan føreligge feil eller utdatert informasjon i teksten. Søknaden kan du sende til post@lom.kommune.no, gjerne med kopi til næringssjefen. 

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje