Bedriftsbesøk: Bøverdalen Veksthågå

I sommar var næringssjef, ordførar og landbruksskontoret så heldige at vi fekk besøke Bøverdalen Veksthågå! Det er ein markedshage på Sygard Aukrust som blir driven av Ingvild Visdal Aukrust.

Bedriftsbesøk til Bøverdalen Veksthågå

Her dyrkast usprøytte grønsaker som selgast til både privat- og bedriftskundar. Bedrifta starta opp i 2021 og har fått etableringstilskot frå Innovasjon Norge. Dei sel m.a. bladvekster, lauk og rotgrønnsakar, og i 2023 har veksthågå'n utvida grønsaksproduksjonen sin og mellom anna testa ut drivhusvekstar slik som tomat, agurk og basilikum. 

Nytt for i år er eit grønnsaksabonnement der ein kan førehandsbestille og få levert ferske grønsaker etter sesong kvar veke. I tillegg har dei denne sommaren fått opp ein sjølvbetjeningsbu i Lom sentrum. Framover ynskjer dei å satse meir også på blomar og bukettbinding.

Vi er imponert over alt dykk får til, og gler oss til fortsettinga!

Du kan lese meir om Bøverdalen Veksthågå på heimesida eller følge dei på sosiale medier (Facebook og Instagram). 

Sjølvbetjeningsbua deira finn du i Lom sentrum i sesongen, mellom Milano og Smak i Lom.
Vi anbefaler å ta ein tur innom! (sjekk opningstider her).