Bedriftsportrett: KL Rørleggerbedrift AS

Si hei til denne blide gjengen hos KL Rørleggerbedrift!


Dette er ei bedrift med lokale eigarar og lange tradisjonar i Lom. Når ordførar og næringssjef var innom på bedriftsbesøk fekk vi høyre at dei hadde bra med arbeid, og mykje å halde på med. Nyleg har dei kjøpt seg ny spylevogn som gjer arbeidskvardagen litt enklare🙏Du finn butikken til KL Rørleggerbedrift i industriområdet i Lom.

Vi er imponert over denne solide bedrifta, og ynskjer dei lukke til med vidare utvikling og arbeid! 😊

Les meir om KL Rørleggerbedrift her: https://www.klror.no/om-oss/

❓Visste du at:

KL Rørlegger vart etablert av Knut Lund i 1957, og skifta etter kvart namn til "KL Rørleggerbedrift". I dag har bedrifta 6 tilsette, og 4 av dei er eigarar. I bildegalleriet over ser du tre av dei; Svein Marstein, Anders Bersu og Knut Bersu. KL Rørleggerbedrift AS er i dag partnarar i konsernet VB Gruppen.

Kontakt

Åshild Myhre Amundsen
Næringssjef og landsbykoordinator
Telefon 975 22 977

Kontorstad: Midtgard, 3. etasje