Bli-kjent-treff i Lom 1.november

Tradisjon tru ber Lom kommune nye sambydingar inn til omvising i Lom og middag på Fossheim no på hausten.

Vi veit at det ikkje alltid er like lett å bli kjent med folk på ein ny plass. Kanskje har du eit nettverk i Lom frå før, kanskje er du heilt ny. Uansett bakgrunn – vi håpar du har lyst til å bli med på ein triveleg kveld i Lom. Programmet er delt i to delar, der du sjølv vel om du vil bli med på alt eller ein av delane.

Bli-kjent-treff på Fossheim hausten 2022 - Klikk for stort bildeBli-kjent-treff på Fossheim hausten 2022 Åshild Myhre Amundsen


Del 1: Omvising i Lom

Tid: Kl. 17.30, oppmøte i Utgard
Vi startar i Utgard der vi får sjå fasilitetane i fleirbrukshuset. Deretter går vi innom folkebiblioteket, friviljugsentralen og ungdomsklubben, der vi får sjå og høyre litt om kva for framifrå tilbod vi har her. Still gjerne spørsmål undervegs og hugs varme klede til gåturen.
Dei som deltek på omvisinga, vil ende opp på Fossheim i tide til middagen.
Til denne turen trengst det inga påmelding, berre møt opp utanfor Utgard kl. 17.30

Del 2: Bli-kjent-middag

Tid: Kl. 19.00, oppmøte på Fossheim hotell
Når haustmørket legg seg over Lom, er det triveleg å trekke innandørs, fyre opp i peisen og samlast rundt eit bord med god mat og drikke. Vi spanderer middag med dessert, de kjøper drikke sjølve.

Har du lyst til å bli med? Meld deg på per e-post: hege.olimb.myhre@lom.kommune.no eller melding til tlf. 453 12 269 innan 25.oktober.

Gje beskjed om evt. allergiar, og om du/dykk har med born.
Det er lov å ha med følgje, gje i såfall beskjed om det ved påmelding :)

Invitasjon til treffet har gått ut til dei som har meldt flytting til Lom siste kvartal av 2022 og fyrste halvdel av 2023, men så lenge det er plass så tek vi i mot påmelding frå alle som ynskjer å få seg eit større nettverk i Lom.


Vi ser fram til å helse på deg!
Med vennleg helsing Lom kommune v/ planleggingskomiteen:
Hege, Åshild, Lone, Rita og Marit

Kontakt

Hege Olimb Myhre
Bygdeutviklar og bustadkonsulent
Mobil 453 12 269